Lettlese lureri
Bøkene lurer lesaren til å tru at han er flink å lese.
Bo hjelper Besta.
Illustrasjon: Anna Folkestad
Lettlessatsinga til Samlaget, Leseland, er delt i fem nivå og tel 71 titlar så langt. Fleire av bøkene er nyutgjevingar og omsettingar, men mange er også nyskrivne for formålet, slik som dei tre bøkene om Besta og Bo av Anna Folkestad: Plommeproblem, Krabbekrise og Tanntrøbbel. Allereie dei lydleikande titlane varslar at dette kjem til å bli moro.
Ei slik bestemor som Bo har, finst det kanskje ikkje så mange av i røynda? I barnelitteraturen, derimot, er ho ikkje så sjeldan. Mest minner ho meg om Ingvar Moes oldemor: barnsleg, sta og galen.
I Anna Folkestads enkle, fargesterke strek er Besta høgt og lågt med armar og bein, hengepuppar og hengemage på slep. Med berre éi setning eller eitt utropsord på kvar side vert mykje fortalt i teikningane.
I Tanntrøbbel har Besta ei vond tann. Ho vil ikkje til tannlegen, men ho må. Det bestemmer Bo. Liknande situasjonar finn vi i dei to andre bøkene.
Det gjev ein komisk effekt å snu rollene på hovudet. Bo får også ein sjølvstendig og myndig funksjon i forteljingane. Vinklinga av stoffet skaper sympati for barnet og gjev plass til lesaren.
Bøkene om Besta og Bo er gode forteljingar som er godt fortalde, men på ein så enkel og tydeleg måte at dei lurer lesaren til å tru at han er flink til å lese.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.