Teater
Lett streif over underleg lagnad
Sceneportrettet av Cally Monrad er leikent, men overflatisk.
Ingeborg S. Raustøl speler hovudrolla som Cally Monrad.
Foto: Dag Jenssen
Cally Monrad (1879–1950) var fyrst på 1900-talet ein særeigen songar, skodespelar og forfattar. På Nationaltheatret song ho Carmen og Madame Butterfly og spela Jeanne d’Arc. I 1909 til 1911 var ho tilknytt Hofoper i Berlin. Folk var usamde om det ho gjorde. Ho var spesiell, og diverre gjorde ho fatale val. Ho vart nazist – og Det Norske Teatrets første (og enno einaste) kvinnelege sjef i dei siste krigsåra. Deretter vart ho mest stroken ut av norsk kulturhistorie.
Stykket om Cally Monrad er ei kjapp, teatersportliknande framsyning, ikkje ulikt det britiske konseptet med Shakespeare på 90 minutt. Ingeborg S. Raustøl gjev livfullt og musikalsk ei lynrask reise gjennom eit mangslunge liv. Tre menn speler ektemenn, beundrarar, kritikarar og så bortetter. Ein av dei, Petter Winther, akkompagnerer henne til og med på piano i songnummera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.