Lett streif over underleg lagnad
Sceneportrettet av Cally Monrad er leikent, men overflatisk.
Det Norske Teatret, Scene 3
Ruth Lillegraven:
Cally
Regi: Maren E. BjørsethVisuell designar: Katja Ebbel FredriksenDramaturgi: Ingrid Weme Nilsen og Mathilde Holdhus
Cally Monrad (1879–1950) var fyrst på 1900-talet ein særeigen songar, skodespelar og forfattar. På Nationaltheatret song ho Carmen og Madame Butterfly og spela Jeanne d’Arc. I 1909 til 1911 var ho tilknytt Hofoper i Berlin. Folk var usamde om det ho gjorde. Ho var spesiell, og diverre gjorde ho fatale val. Ho vart nazist – og Det Norske Teatrets første (og enno einaste) kvinnelege sjef i dei siste krigsåra. Deretter vart ho mest stroken ut av norsk kulturhistorie.
Stykket om Cally Monrad er ei kjapp, teatersportliknande framsyning, ikkje ulikt det britiske konseptet med Shakespeare på 90 minutt. Ingeborg S. Raustøl gjev livfullt og musikalsk ei lynrask reise gjennom eit mangslunge liv. Tre menn speler ektemenn, beundrarar, kritikarar og så bortetter. Ein av dei, Petter Winther, akkompagnerer henne til og med på piano i songnummera.
Det er ei energisk oppsetjing, som korkje reinvaskar eller fordømmer. Men ho gjer ikkje så mykje anna heller. Ei kvinne som fekk så stor plass i norsk kulturliv, må da ha vore meir interessant enn dette? Vi kjem ikkje mykje nærare henne slik ho her står. Det sterkaste i stykket er faktisk dei historiske opptaka av Cally Monrad sjølv, der ho les og syng Bjørnson-tekstar. Vi høyrer talentet hennar, og først då får òg det tragiske ved henne perspektiv.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det Norske Teatret, Scene 3
Ruth Lillegraven:
Cally
Regi: Maren E. BjørsethVisuell designar: Katja Ebbel FredriksenDramaturgi: Ingrid Weme Nilsen og Mathilde Holdhus
Cally Monrad (1879–1950) var fyrst på 1900-talet ein særeigen songar, skodespelar og forfattar. På Nationaltheatret song ho Carmen og Madame Butterfly og spela Jeanne d’Arc. I 1909 til 1911 var ho tilknytt Hofoper i Berlin. Folk var usamde om det ho gjorde. Ho var spesiell, og diverre gjorde ho fatale val. Ho vart nazist – og Det Norske Teatrets første (og enno einaste) kvinnelege sjef i dei siste krigsåra. Deretter vart ho mest stroken ut av norsk kulturhistorie.
Stykket om Cally Monrad er ei kjapp, teatersportliknande framsyning, ikkje ulikt det britiske konseptet med Shakespeare på 90 minutt. Ingeborg S. Raustøl gjev livfullt og musikalsk ei lynrask reise gjennom eit mangslunge liv. Tre menn speler ektemenn, beundrarar, kritikarar og så bortetter. Ein av dei, Petter Winther, akkompagnerer henne til og med på piano i songnummera.
Det er ei energisk oppsetjing, som korkje reinvaskar eller fordømmer. Men ho gjer ikkje så mykje anna heller. Ei kvinne som fekk så stor plass i norsk kulturliv, må da ha vore meir interessant enn dette? Vi kjem ikkje mykje nærare henne slik ho her står. Det sterkaste i stykket er faktisk dei historiske opptaka av Cally Monrad sjølv, der ho les og syng Bjørnson-tekstar. Vi høyrer talentet hennar, og først då får òg det tragiske ved henne perspektiv.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.