Sommarferien står for tur. Lettare lesestoff er lov. Hekseskogen er som skapt for seine kveldar i soveposen med lommelykt under teltduken. Dette er den fjerde boka i serien om Edward Rubikon, monsterjegeren frå Grimsrud. Saman med venene Kasper og Nadira held han småbyen og skogen fri for spøkelse og hekseri.
Boka er eit litterært heksebrygg: Ein dash Hans og Grete, ein neve Harry Potter, ein god slump med historiske hendingar, smakt til med gamle segner og moderne miljøutfordringar. Den ferdigkokte essensen er handlingsmetta og spanande. Sjangervekslinga mellom teikneserie og illustrert forteljing gjer at historia held godt tak i lesaren sin.
Språkleg gjev boka lite å strekkje seg etter, tolkingsromma er små og tempoet desto større. Boka er skriven for å slukast, er lett å lese og ville vore lett å gløyme om det ikkje var for dialogen ho inviterer til:
Bakarst i boka finn borna blanke sider der dei kan teikne eigne monster. Edward Rubikon har eigen instagramkonto og e-post. Aleksander Kirkwood Brown og Andreas Iversen har tett kontakt med lesarane. Dei er eit radarpar i formidlingssamanheng, både i biblioteka og i den kulturelle skulesekken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.