Teater
Less is more
Sprelsk samtidssatire vert meir pretensiøs enn morosam.
Lena Kristin Ellingsen spelar hushjelpa Camilla heime hos ekteparet Michael og Ulrike.
Foto: Erika Hebbert
Det er for så vidt ingen dum idé å servere oss velfødde, kulturkonsumerande nordmenn eit stykke som sparkar oss litt i rumpa, vi som er så kulturelle at vi går i teateret og passar på å alltid ha dei rette haldningane. Med jamne mellomrom treng vi nok nett det. Tyske Marius von Mayenburgs stykke, som han sjølv har sett i scene, har tydelegvis nett det ærendet. Samstundes insisterer Nationaltheatret på å kalle framsyninga ein klassisk situasjonskomedie. Tja, er det no det vi får?
Noko skurrar
For det første: Med «klassisk situasjonskomedie» ventar vi vel oss eit heimekjent miljø, eit ytre landskap som liknar på det vi sjølve lever i. Vi ventar òg å sjå personar som liknar på kvardagsprofilar vi ser i vår eigen kvardag. Det genuint komiske i situasjonskomedien er det identifiserbare.
I von Mayenburgs stykke møter vi ein liten kjernefamilie med kjenneteikn vi godt kan gjenkjenne og le av i utgangspunktet: akademikarektepar som kranglar kverulerande om ansvar for heim og barn, ei tilsett hushjelp dei strevar med å handtere, av di det sjølvsagt er politisk ukorrekt å ha hushjelp.
Her er òg ein son på grensa til tenåra som søker identitet, og endeleg ein forskrulla inntrengar, ein moderne kunstnar som meiner han har rett til å uttale seg om dei hine og sin eigen plass i «familieidyllen». På eit vis har vi vel sett mykje av dette før, både på scenen og i livet. Ei god stund ler vi. Men noko skurrar.
Ultrakarikert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.