Musikk
Lerche skrur på varmen att
Ein plutseleg EP frå Sondre Lerche er ein plutseleg god start på det nye året.
Sondre Lerche i solnedgang.
Foto: Hilde Solli
Sondre Lerche har alltid hatt ein upåklageleg presisjon. Å gje ut ein EP om å skru på varmen samstundes som fødestaden hans Bergen er på sitt kaldaste på fleire år, er éin ting. Januar har jo uansett aldri bydd på mykje varme frå naturen si side. At dei to andre låtane på EP-en heiter «After the Coup» og «Diplomacy», kan i desse Venezuela-tider få nokon og kvar til å tru at Nostradamus for vår tid kjem frå Vestlandet.
Om få veker feirar Nostra-Lerche 25 år som plateartist med konsert i Grieghallen, men dette er langt frå ein artist i ei kreativ stille. Den mest pålitelege varmekjelda i Lerche sitt musikalske univers er framleis songane.
For dei blant oss som ikkje er paranoide kon-spiratorikarar, held desse tre låtane fram med den skamlause sjangerdansen 43-åringen har utforska dei siste åra. Altså evna til å ta for seg med litt av alt, det vere seg bossanova eller prog. Fengjande melodiar vert stadig utfordra av arrangementsidear og pålegg som synest å ha kome frå ein kreativ fase der ingen nokosinne har tenkt på å seie stopp. Heldigvis. Dette er tre små symfoniar, som alle får fram kva for ei solid kraft Sondre Lerche er som både låtskrivar og artist.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.