Musikk
Leiken Briotrio
Ingrid Øygard Steinkopf stig fram i rampeljoset.
Biotrio er Ingrid Øygard Steinkopf, Thomas Linde Lossius (t.v.) og Arne Skorpe Sjøen.
Foto: Vegard M. Bye
Briotrio er ute med den tredje plata si, i året då bandet fyller ti år. På Voyage er det trioen sjølv som dreg lasset aleine. På debutplata hadde dei med Sondre Ferstad som gjesteartist, og Kjersti Huke vart invitert med på oppfølgjaren Yeah!.
Trioen er trufast mot sentrale delar av den musikalske identiteten som har prega dei frå første plata. Mykje av repertoaret er fengande og gladlynt. Dei eksperimenterer med rytmiske verkemiddel med inspirasjon frå ulike typar afrikansk musikk, og groovane sit laust. På Voyage utvidar dei instumentariet, noko som på effektivt vis gjev interessante nyansar til musikken.
Framleis komponerer dei tre alt materialet, Lossius har notert seg for fem låtar, Steinkopf tre og Sjøen to. Den groovande «Sovekupé» er dei felles om. Repertoaret er fint balansert med Steinkopfs Bill Evans-inspirerte «Minor Leaps», Lossius’ meditative ballade «Demring», der han vartar opp med kor med krystallklare idear før han overlèt ordet til ein fabulerande Steinkopf, og den atypiske swing-inspirerte låten «A Sunny Day in Bergen Town» med Sjøen som rimeleg vellukka crooner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.