Teater
Legende om legender
Maurstad om Maurstad er meir foredrag enn teater, men ei stjernestund like fullt.
Toralv Maustad tek livet sitt til scena.
Foto: Det Norske Teatret
Førre fredag, den 24. november, fylte skodespelaren, instruktøren og teatersjefen Toralv Maurstad 91 år, og den sjølvsame dagen stod han på Scene 3 på Det Norske Teatret og heldt ein halvannan times «standup» om sitt eige liv og om foreldra sine. Med eit medbrakt manus og til dels rein opplesing er dette kan hende meir å rekne som foredrag enn teaterstykke, men denne mannen misser ikkje magnetismen sin av den grunn. Som dei fleste andre store scenekunstnarar har tydelegvis Maurstad òg skjøna at det er prinsippet less is more, for å seie det på dårleg norsk, som gjer susen for å halde eit publikum i ande. Det er det lågmælte, underfundige som lettast lokkar fram overraska lått, og det er det enkle og direkte som verkar rørande, ikkje det pompøse. Pianisten Rune Alver rammer vakkert og elegant inn dei ulike Maurstad-kapitla med meir og mindre kjende klaverstykke.
På sin muntre måte har aldri Maurstad lagt skjul på at det er ein god porsjon einsemd i å vere kunstnarbarn, son av to stjerner med store ego, og han gjer det ikkje no heller. Men det er med stor kjærleik han fortel om mora Tordis frå Kristiansund og faren Alfred frå Nordfjord, som båe kom med teaterdraumar til hovudstaden og blei to av våre viktigaste skodespelarar i det tjuande hundreåret, slik son deira òg skulle bli det.
Moro er det å høyre om barneåra i Oslo, skuletid på Firda gymnas i Sandane, flukt til Sverige under krigen, teaterskule i London, debut på Trøndelag Teater og gjennombrot på Det Nye Teater, der han skulle bli sjef 17 år seinare. Men noko av det mest spesielle er historiene rundt den segnomsuste Noregs-premieren på Lang dags ferd mot natt, der far, mor og son spela far, mor og son, medan dei alle tre var midt oppe i private livskriser, og Alfred og Tordis hadde vore skilde i femten år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.