Laud til Lillehammer
Preben Hodneland entrar filmscena for alvor i ein stødig studentfilm.
Preben Hodneland spelar faren som brått må ta over foreldreansvaret for sonen, spelt av Marius Aandal Pedersen.
Foto: SF Studios
Drama
Regi: Magnus Meyer Arnesen
Når jeg faller
Med: Preben Hodneland, Marius Aandal Pedersen, Vidar Sandem
Joachim (Hodneland) gjennomfører ein vilkårsdom med urinprøvar og psykolog. Han slit framleis med å halde seg unna å røyke opiat, og bur på Nesodden, langt frå folk og frå jobben som kokk i Oslo. Faren (Sandem) gjer sitt beste for å hjelpe, mens broren har ein meir dømmande tone. Fortida innhentar Joachim den dagen gamlekjærasten blir sett inn for å ha oppbevart eit stort parti stoff for ein kjenning. Det inneber at Joachim må ta seg av son sin, ein åtteåring han ikkje eingong veit korleis ser ut.
Lovande lindåsing
Preben Hodneland har spelt fleire profilerte teaterroller, og var å sjå i Alt det vakre, den fine første filmen til Aasne Vaa Greibrokk som gjekk under radaren til dei fleste i fjor. No skal den hengslete hordalendingen bere debuten til Magnus Meyer Arnesen på skuldrene sine. Hodneland gjer ein jobb som held i lange banar. Han er eit naturtalent og meistrar dei mindre nyansane som trengst når ein byter teaterscena med eit kamera som zoomar stadig nærare. Vonleg vil han vitje kinolerret like mykje som teaterscener framover.
Middels manus
Uteksaminerte Magnus Meyer Arnesen har skrive manus sjølv. Ein del av dialogen er i overkant omstendeleg, nokre vendingar kjennest føreseielege, og ei og anna handling verkar umotivert. Arnesen skal likevel ha for ein del gode figurar som aldri tyr til det tabloide. Å halda på sympatien med ein fyr som har svikta folk så grundig, er ikkje lett, men kombinasjonen av realistisk uro i ein avhengig kar og den solide rolletolkinga til Hodneland gjer seg.
Det verkar som masterprogrammet i Lillehammer produserer solide fagfolk. Filmen viser godt handverk over heile lina. Når det gjeld dopfilm frå hovudstaden, er Når jeg faller ingen Oslo 31. august, og blant debutantar med kinodistribusjon hamnar han i skuggen av meir spenstige og stilsikre filmar som Blindsone av Tuva Novotny eller Skyggenes dal av Jonas Matzow Gulbransen det siste året, men Arnesen står ikkje tilbake for mykje stødig norsk film. Han toler samanlikning med folk som er ferdige på skulen, og det er sjølvsagt dei Arnesen vil hevde seg blant. Preben Hodneland er likevel det mest ekstraordinære i ein elles stø debut.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.