Bok
Lattervekkjande tankeakrobatikk
Å skrive i tritt med dei kjappe vendingane til tankane er ikkje lett, men Odd W. Surén syner seg som ein dugande akrobat i den nye boka si.
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Dersom du vil vera med på ferda hans, må du fylgje godt med, for her går det fort unna. Setningane er lange og fulle av innskotne leddsetningar – ikkje ei eller to, men rett som det er fleire på rad – så ein måpande må lure på om han kjem til å rote seg heilt vekk. Det gjer han ikkje. Surén kjem alltid ned på beina og som regel ein stad i nærleiken av utgangspunktet. Ikkje slik å forstå at det er stillstand, men at han held tråden.
Elska tabellar
Jamvel mellom dei ulike forteljingane i boka skjønar vi etter kvart at det går ein tråd, som rett nok snor seg over både stad og tid. Samanhengen er likevel ikkje det viktigaste. Dei sju forteljingane, fordelte på tre kapittel, står godt for seg sjølve òg. På kvar sitt vis broderer dei fram eit fenomen eller ein mennesketype, den eine meir skakkøyrd enn hin.
Min favoritt er «Tabell», om karen som i heilag indignasjon skriv brev til Almanakkomiteen. Dei har så godt som øydelagt livet hans ved å ta ut av almanakken tabellane og statistikkane om ymse fakta som utviklinga av daglengda gjennom året, handelsbalansen eller elkraftproduksjonen i nordisk samanheng. Kring desse nerdete resonnementa kavar han opp ein heil familietragedie.
Surén skriv fram ein hjelpelaust einsam person som er så innkapsla i sitt konspiratoriske tankespinn og forakt for alt og alle, jamvel sin eigen son, at ein berre må gje seg ende over. Tragedien er komisk fullkomen.
Galopperande galen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.