Musikk

Lastverk

Jordi Savall hastar seg gjennom Mendelssohns «italienske symfoni».

Tonekunstnaren Felix Mendelssohn Bartholdy (1809–1847) var også bilet­kunstnar. Her ein akvarell av Firenze frå Italia-reisa hans i 1830.
Tonekunstnaren Felix Mendelssohn Bartholdy (1809–1847) var også bilet­kunstnar. Her ein akvarell av Firenze frå Italia-reisa hans i 1830.
Publisert

Den katalanske viola da gamba-spelaren og dirigenten Jordi Savall er ein koryfé innan renessanse- og barokkmusikk. No gjer han som så mange av tidlegmusikkollegaene sine: Han freistar seg på 1800-talsrepertoar, spelt på «originalinstrument» frå den romantiske perioden. Her dirigerer han tyske Felix Mendelssohns mest elegante symfoni: Symfoni nr. 4 in A-Dur, op. 90, som har tilnamnet «den italienske» (her innspelt i to versjonar, den opphavlege frå 1833, og den reviderte frå 1834).

Men elegant kan tolkinga knapt kallast. Det songlege som Mendelssohns musikk ha for å utfalda seg, vantar. Savall hastar seg gjennom satsane, med tempo som verkar som dei er sette meir av prinsipp enn av smak. Orkesteret Le Concert des Nations taklar ikkje denne snøggleiken, for fløytene slurvar med artikulasjonen, og innsatsane til messingblåsarane kjem for seint. Det haltar – og kling difor hektisk.

Reisemusikk

Den «italienske» blei til etter ei toårig danningsreise gjennom Italia kring 1830, der det unge flogvitet gjorde seg kjent med nasjonens kunst og kultur. På same måte som Mendelssohn heldt fast på reiseminna gjennom teikningar og akvarellar, kan symfonien oppfattast som musikalske reisememoarar. Det sanseleg sydlandske me høyrer i den fyrste og siste satsen, er direkte inntrykk av folkelivet på torg og gater. Den gamalvorne andresatsen kling meir som marmor, som nostalgiske etterklangar av renessansearkitektur og antikk skulptur.

Tarantella

Med Savalls bakgrunn overraskar det ikkje at denne andresatsen «Andante con moto» er mest vellukka. Bassen, som på barokt vis går i jamt artikulerte åttedelsnotar, driv det heile framover i relativt høgt, men ikkje hektisk tempo. Fyrstesatsen, derimot, ein springande «Allegro vivace», får aldri skikkeleg fotfeste. Melodien er komponert med mange små pausar og gjentakingar, men sjølv om melodisnuttane er stutte, må dirigenten greia å forma frasane songleg. Savall får ikkje dette til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement