Bok

Landet utanfor

Vidar Sundstøl skriv om livet etter døden.

Vidar Sundstøl slo gjennom med første bandet i Minnesota-trilogien og fekk Rivertonprisen 2008.
Vidar Sundstøl slo gjennom med første bandet i Minnesota-trilogien og fekk Rivertonprisen 2008.
Publisert

Kva hender med oss når vi døyr? Er det mogleg å ha kontakt med våre kjære etter at dei er borte?

Desse store spørsmåla har prega menneskelivet til alle tider og brenn også for oss som lever i dag. I populærkulturen trekkjer spektakulære show der såkalla «medium» hevdar å kunne setje døde og levande i kontakt med kvarandre, fulle hus. Tematikken er også sentral i fleire heilt nye bøker av det seriøse slaget.

Også Sundstøls førre roman bar preg av det mystiske og løyndomsfulle, gåtefulle forbindelsar og kontakt på tvers av tid og rom, skildra i eit nyskapande og biletrikt språk. Det siste er det mindre av i Oseberg, og romanen vekkjer ikkje heilt det same engasjementet.

Mot ukjent mål

Ein vaksen mann og ei tenåringsjente har synsvinkelen i annakvart kapittel gjennom boka. Jenta er i ei attkjenneleg røynd på klassetur i Oslo. Ho kjem frå ein mindre plass, er den minst kule i klassa, kjenner seg utanfor og har låg sjølvkjensle. Det viktigaste i livet hennar er framleis katten som døydde for mange år sidan. Med han kjenner ho framleis ein forbindelse, eit band. Ho har sett ein film der det heiter at «så lenge noen blant de levende tenkte på deg, var du ennå ikke ordentlig død». Dette er ei trøyst i den store einsemda ho lever i, men kanskje òg noko som hindrar henne i å kome vidare i livet. Ho har hatt eit nært forhold til far, medan mor er ein både perifer og skremmande figur.

Mannen i dei andre kapitla er i ei røynd det lenge er vanskeleg å dechiffrere. Inne i noko som minner om eit romskip ligg han på ein benk i ei heildekkande drakt han ikkje kan ta av seg, og han har mista neglene. I staden står eit svært tårn med negler ved sida av han inne i dette rommet, ei slags celle som også kan minne om eit rom på eit sjukehus, med leidningar og snorer som er festa til kroppen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement