Lammande skamTotland skriv spanande og skremmande om det store, stygge internettet.UngdomsromanAnders

Totland skriv spanande og skremmande om det store, stygge internettet.

Publisert

Nedteljing er Anders Totlands tredje ungdomsroman. Boka stadfestar det som ser ut til å bli eit kjennemerke for forfattarskapen: Tekstane for ungdom er lette å lese, men tematikken kunne knapt vore tyngre. I dei to første bøkene skriv Totland om alvorleg sjukdom og om incest. Nedteljing handlar om djup, dødeleg skam.

Viggo er forelska i barndomsvenninna Emma, men ho er saman med bestekameraten Alex. Sjalusien er både sanseleg og smertefull for Viggo. Ein annan kamerat har god erfaring med å finne damer på internett. Viggo kjenner seg freista og loggar inn på same sida. Herifrå er boka ein spanande thriller, der verdsveven viser seg frå si verste side.

God ungdomslitteratur må kunne seie noko om kva det vil seie å vere ung, slik at det vedkjem lesarane i samtida. Nedteljing treffer sjangeren på ein presis og overtydande måte. Først i truverdige, attkjennelege skildringar av gryande seksualitet, forelsking og frykt for avvising, deretter ved å kople dette tidlause og allmenne til noko som er aktuelt og relevant for ungdom akkurat no: Ufrivillig deling av intime bilete og filmar på nettet.

Éin ting er at heile klassen har sett Viggo utan shorts. Skamma er lammande. Snart får heile verda sjå det. Det kan han ikkje leve med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement