Lakenskrekk med ny vri Gje sundlesen syttitalslitteratur avløysing. BildebokIrene Elisabeth , ill.

Gjev sundlesen syttitalslitteratur avløysing.

Publisert

Bildeboka Pling vaken fortel om Klara som ikkje får sove. Mamma må komme med bamsen og med vatn. Høyrest det kjent ut?

Klara er gul i fjeset. Ho ropar på mamma som kjem inn i ein knall turkis genser. Lakenet har ruter, strømpebuksa har striper, sokkane har prikkar. Fargar og mønster understrekar kjensla av å vere «pling vaken». Elisabeth Mosengs illustrasjonar er fulle av energi, utsnitta er nærgåande og perspektiva lett kaotiske: Her kan ingen sove!

For snart femti år sidan kom den første forteljinga om Ålbert Åberg av Gunilla Bergstrøm. God natt, Albert Åberg fekk fast hylleplass i barnehagane. Pling vaken kan lesast som ei nyskriving av Bergstrøms klassikar.

God natt, Albert Åberg. Klara frå 2018 er klar til å ta over. Klara har eit friskare, meir insisterande språk. Der Albert sa «Pappa, eg må tisse», ropar Klara: «Eg har så masse tiss i kroppen at eg er heilt gul i auga, mamma! Sjå!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement