Film

Lagnadstung underhaldning om gudar og grøne menn

Thor: Ragnarok varslar at enden er nær, men ikkje for Marvel-universet.

Ingenting er heilagt så lenge det blir god underhaldning.
Ingenting er heilagt så lenge det blir god underhaldning.
Publisert

La det vere sagt: Thor: Ragnarok er ein film som tar seg store fridomar med den norrøne forteljinga om Ragnarok – «oppgjeret til gudane» som endar med at verda går under og ein kan stige opp. Førebu deg derfor på å svelgje eit par kamelar og akseptere at arvesøvlet i nordisk kulturhistorie har gått gjennom Hollywood-kverna.

Dette er ein Marvel-film, meir spesifikt ein Thor-film. Thor-karakteren (Hemsworth) har gått att i fleire Marvel-historier no, der to har vore hans eigne: Thor (2011) og Thor: The Dark World (2013). Ein premiss for at alt dette skal fungere, er at ingenting er heilagt, så lenge det blir god underhaldning. Dette betyr mellom anna at figurar frå ulike univers smeltar saman i jakta på det gode eventyret.

I Thor: Ragnarok tar for eksempel Hulken (Ruffalo) opp kampen mot Fenrisulven. Romskip vakar over Åsgård (eller Asgard, som det heiter så fint her) og gir ammunisjon til Thor som for det meste må klare seg utan hammaren.

Thors lagnad i denne filmen er nemleg å vere stranda på planeten Sakaar, der han er i fangenskapet til ein gal herskar som kallar seg Grandmaster (Goldblum). Før han kan prøve å stoppe Hel (Blanchet) og Ragnarok, må han derfor kjempe seg ut av lenker og soldatar. Og bakom lurer Loke (Hiddlestone), som både nemesis og våpendragar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement