Bok

Lærd og leiken

Bergsveinn Birgisson skriv med snert om kyr og samfunn.

Bergsveinn Birgisson er forfattar og norrønfilolog.
Publisert Sist oppdatert

Islandske Bergsveinn Birgisson har eit nært og tett forhold til Noreg, og sjølv om han i dag bur i Reykjavík, har han budd mange år både i Oslo og Bergen, der han i 2008 tok doktorgrad i norrøn filologi med ei avhandling om skaldedikting.

Parallelt med den akademiske karrieren har han også markert seg som ein framifrå skjønnlitterær forfattar, og på norsk finn vi titlar som Svar på brev frå Helga, Soga om vêret og Reisen til livsvannet. Han hadde også stor suksess med Den svarte vikingen, sakprosa i grenselandet til skjønnlitteraturen. Birgisson er elles medlem av Den norske Forfatterforening.

Kumentalitet

Handbok om mentaliteten til kyr kom ut på islandsk i 2009 og er frå starten av forfattarskapet. Undertittelen er «Ein lærdomsroman», og ved sida av å vere underhaldande er det også mangt å lære av dette djupdykket i kyrs mentalitet gjennom tusenvis av år, kopla opp mot samfunnsutviklinga og framveksten av kapitalismen både i Europa og på Island: «Jo djupare ein dukka ned i forskninga på kyr, desto tydelegare blei det at ein studerte menneskeslekta.»

Romanen er i tre delar: «Juret» tar for seg «Den heilage kua», «Den heidne kua» og «Gullalderkua». Del to, «Kua», handlar om «Den tysk-danske kua», «Nådekua» og «Hormonkua», mens del tre, «Fjøsen» utviklar seg til ei absurd og dystopisk røvarhistorie med skyting og drap, og Mattilsynet som grip inn mot eit parodisk lausdriftfjøs der alle vassar i møkk til knes fordi ein gløymde dører då fjøset blei bygd.

Hovudpersonen er Gjest Sigurjónson som kjem heim til Island med kone og dotter etter å ha tatt doktorgrad i kulturhistorie i England. Han blir hyra inn som manusforfattar til ein dokumentarfilm om den islandske kua, og sidan han er manisk opptatt av kyr, tar det etter kvart heilt av, og Bondelaget, som er oppdragsgivaren, trekker seg. Samtidig får Gjest problem i det familiære, og kona og dottera reiser tilbake til England. Sjølv bryt han saman psykisk og blir tvangsinnlagd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement