Musikk

La Traviata på Opera Nordfjord

Den ulukkelege kjærleikshistoria som opphavleg er frå livet i Paris på 1800-talet, er tatt inn i vår tid i den nynorske versjonen av La Traviata.

Fargerikt kor og fargerike dansarar på Opera Nordfjord, her saman med Lydia Hoen Tjore og Erlend Tvinnereim i rollene som Violetta og Alfredo.
Fargerikt kor og fargerike dansarar på Opera Nordfjord, her saman med Lydia Hoen Tjore og Erlend Tvinnereim i rollene som Violetta og Alfredo.Fargerikt kor og fargerike dansarar på Opera Nordfjord, her saman med Lydia Hoen Tjore og Erlend Tvinnereim i rollene som Violetta og Alfredo.
Publisert

Det var ei fargerik framsyning dei frammøtte fekk oppleve på premieren. Violetta er kurtisane for rike menn i Paris. Først i møte med Alfredo møter ho ekte kjærleik. Men med livet ho har levd, fell ho utanfor. Ho blir oppsøkt av far til Alfredo, Germont, som ber henne bryte med sonen. Elles vil trulovinga til søster hans verte broten.

Trond Halstein Moe formidlar bodskapen til Germont med klokkeklar barytonrøyst: «Ho er den reine engelen, dottera Herren sende, men dersom ikkje Alfredo til heimen kjem attende, då vil den unge friaren, han ho har lova handa, knuse det unge hjarta hennar og bryte festarbanda.»

Omsetjar Jostein Avdem Fretland er nøgd med omsetjinga og framføringa etter premieren.

– Tekstuttalen er aldri hovudfokuset til ein operasongar, men eg tykkjer dei gjer ein strålande jobb med å få fram teksten her. Nynorsk er eit fantastisk operaspråk, det kling veldig godt.

Med årets oppsetjing har regissør Arne Fagerholt tatt La Traviata inn i vår tid, inn i Skeivt kulturår 2022.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement