Bok

La oss tenkje oss at ...

For meg vert Severuds apologetiske essayistikk til ei openberring i kvart stykke.

Jon Severud opnar boka med ein apologi «for tvisynet».
Jon Severud opnar boka med ein apologi «for tvisynet».
Publisert

Jon Severud flyt litt på si tidlegare «gjenreise» av ferda Aasmund Olavsson Vinje skildra i Ferdaminni fraa Sumaren 1860, og opnar samlinga si med eit essay om tvisyn. Kva var vel «tvisynet»? Mange har rekna det som det nynorske idiomet for ironi, altså at ein er i stand til å sjå fleire opplevingar i éin og same ting eller hending, noko som vel også fører med seg at ein ser ting noko på tverke, litt annleis enn andre.

Det vil seie at ironi ikkje er «det motsette av det som vert sagt», slik det vert dosert i norske skular. Det handlar vanlegvis om noko som er til sides for eller annleis enn det som vanlegvis er forstått. Severud fylgjer opp denne tradisjonen. Men i staden for å gjere som Holberg eller Vinje og starte frå ei vanleg oppfatning, erklærer han frå første stund at han lagar apologiar.

Forsvarstalar

Altså forsvarsskrift. Holbergs «Forsvar for Fanden» er nokså godt kjent og syner den stoisk-essayistiske trongen til å setje vanlege oppfatningar på ende. Forfattaren strevar, ifylgje fyrste apologi, med å etablere eit grunnlag for at det skal lagast forsvar, og det handlar ikkje i liten grad om å finne eit «origo», eit dreiepunkt, som kan gje utsyn i fleire leier.

I litteratursoga finst det mange essay oppbygde som forsvarstalar, heilt frå Montaigne (1580) og Bacon (1613) til vår tid. Problemet er likevel at alt tittelen eller utgangspunktet gir svaret på det spørsmålet essayisten stiller. Sjølv er eg svært glad i stoiske og skeptiske essayistar som fyrst opnar ei sak, og når vi er komne til endes i teksten, har dei snudd opp ned på det vi trudde om henne.

Nye perspektiv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement