Musikk
Kyrkjeleg nyttår
Telemann opnar det nye kyrkjeåret med paukar og trompetar.
Frankfurt am Main på Telemanns tid. Utsnitt av 1800-talsakvarell av P. Becker.
Advent var ei stille tid i tyske byar i fyrste helvta av 1700-talet. Det var faste; fest og dans var forbode, og gudstenesta skulle vera av det neddempa slaget. Tempus clausum, lukka tid, blei denne perioden kalla, som i det lutherskortodokse Leipzig spesielt blei strengt praktisert. Der hadde J.S. Bach forbod mot framføring av kyrkjekantatar frå andre til fjerde adventssundagen.
I det meir frilyndte Frankfurt am Main, der Georg Philipp Telemann (1681–1767) var musikkdirektør, var tempus clausum openbert ikkje så lukka. På albumet til Gutenberg Soloists og Neumeyer Consort får me nemleg høyra Telemann-kantatar for alle fire adventssundagane, og kvar av dei er festleg instrumentert med stort orkester, kor og songsolistar.
Unge solistar
Dette er vol. 4 i den store dobbeltalbum-serien Französischer Jahrgang 1714/1715, Tele-manns «franske kantateårgang» med 72 kantatar mynta på alle sundagane og helgedagane i kyrkjeåret. Dei tre føregåande voluma har vore melde i denne spalta før. Samanlikna med det nye slår eg fast at framføringane held eit høgare nivå på solistsida. Gutenberg Soloists består nemleg av tolv unge songarar som anten framleis studerer eller nyss er ferdig utdanna, og i resitativa og ariane får dei alle, i tur og orden, prøva seg som solistar.
Kven som syng kva, seier ikkje omslagsteksten noko om. Men nivået særleg bassane og altane har nådd, imponerer. Orkesteret spelar like sobert som før. Lat oss her ta føre oss den fyrste av dei ti kantatane på dobbeltalbumet som døme på Telemanns musikalsk og teologisk raffinerte kyrkjemusikalske komposisjonsmåte.
Folkefrelsar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.