Bok
Kynisme og tildekking: Kielland-skandalen
Ute or auge, ute or sinn – når staten gjer seg blind.
Alexander L. Kielland-plattforma kantra 27. mars 1980 på Ekofiskfeltet i Nordsjøen. 123 mennesker omkom. Det vart gjort fleire forsøk på å snu plattforma, før ho vart senka i 1983.
NTB arkivfoto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Vindar hylte, bylgjer sleikte oppetter stålkonstruksjonen, ankerkjettingar var for stramme og for få, det ikkje-godkjende 15 meter høge bygningskvartalet tok imot stormen – og den garantert veltefrie plattforma snudde seg på 18 minutt.
Rutinar svikta, livbåtar vart knuste, redningsbåtane var ikkje der dei skulle vere. 123 menneske omkom. Før lika vart henta opp, starta Phillips boring på naboplattforma Edda. Mange omkomne forsvann for alltid under boreslam og mudder.
Sjølv om 89 menneske vart berga av ulike aktørar med stor initiativrikdom, kom den offentlege redningstenesta seint i gang. Dinest starta straks spelet om fråskriving av skuld og om pengar.
Systematisk kopling
Dette er den fyrste boka som systematisk koplar materiale frå Minnebanken, som historieprofessor Marie Smith-Solbakken stod i spissen for å skape, med prosessane i ettertid av ulukka. Over 300 intervju med dei overlevande, etterlatne, redningsmannskap og andre er her samla og ligg ope tilgjengeleg på nettet. Smith-Solbakken har vore samtalepartnar med forfattaren heile vegen.
I innleiinga fortel Frode Fanebust om faren Baste. Han var leiar for transporttenesta og organiserte supplybåtar til eit vanskeleg redningsarbeid. Store skip manøvrerte mellom duppande hovud i sjøen og kunne ikkje unngå at nokon kom i propellane medan mannskapet prøvde å trekkje folk opp dei høge skipssidene. Opplevingane kom til å prege Baste for livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.