Bok
Kvitt, svart
Også Fosses nye forteljing lyser, men bleikare enn tidlegare utgivingar.
Jon Fosse har skrive bøker i mange sjangrar i snart 40 år.
Foto: Agnete Brun
Både Septologien og Trilogien gav meg intense lesaropplevingar. Desse verka lyser med ein eigen, mørk glans. Også i denne veldig mykje kortare teksten er det sjølve mysteria i menneskelivet Fosse vil skildre. Kvitleik verkar likevel ikkje like sterkt i meg.
Vi kjenner att den rytmiske strøymande, kvernande stilen, og den originale teiknsettinga. I eit kvardagsleg språk stig det fram for oss: Livet, døden, det gode og det vonde. Religionen. Kunsten.
Kanskje er problemet med denne siste boka at vi kjenner det for godt att? Dette har meisteren gjort før – og betre. Eg kjem i «tvende sinn»: Er det rettferdig å vente seg endå meir, må ein stor forfattar overgå seg sjølv? Men samstundes: Kan ein ikkje krevje at ein så driven og akta skrivar klarar å kome med noko nytt og annleis?
«I svarte skogen inne
under den svarte himmelen. (…) Ein lysande kvitleik».
Vi møter ein namnlaus hovudperson som har gått seg vill, både bokstaveleg tala og i meir overført tyding. Det er eit menneske som ikkje er heilt «i vater», som ikkje handlar rasjonelt. Vi får ikkje vite noko om kvifor, får i det heile vite særs lite om han, utover at han lever aleine. Han har sett seg i bilen sin og berre køyrt av garde på måfå, til slutt langt inn på ein aude skogsveg. Bilen set seg fast. Sjølv om han seier til seg sjølv at han bør gå etter hjelp, gjer han det motsette, og vandrar innover i den mørke skogen. Det byrjar å snø, han frys, han veit ikkje kor han skal, eller kva han gjer der. Og lenge veit ikkje lesaren det heller.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.