Kvite menn analyserer politikk i verdaHva er statsvitenskap er ei leseverdig bok som burde enten vore taus om postkolonialisme eller gått grundigare inn på han.

Dette er ei leseverdig bok som burde enten vore taus om postkolonialisme eller gått grundigare inn på han.

Publisert

Kva er føremålet til statsvitskapen? Dette omfangsrike faget gjev kunnskap, utdanning og arbeidsplassar, ikkje minst i Noreg. Men nok til å vera eit overordna føremål er dette neppe. Innan faget er ein samd om at statsvitskap skal produsera kunnskap om stat og politikk. Men det er ikkje tilstrekkeleg som ideal, det gjev ikkje «hornmusikk i bringa». Ved sida av statsvitskapleg faghistorie internasjonalt og nasjonalt er drøfting av det overordna føremålet med faget eit viktig tema for denne godt skrivne og kortfatta boka.

Styring

Statsvitskapen kan vera ein danningsvitskap som opplyser ålmenta og hjelper menneska med å forma den gode staten – statsvitskapen motarbeider kortsyn og politisk vankunne. Eller, faget kan by på styringsvitskap og produsera dugelege administratorar til alt frå FN til kommunane. Noko verdfullt kan faget seia om potensialet for styring og endring av offentlege organisasjonar. Og valforskinga er ikkje nyttig berre for journalistar, også partia får der informasjon om veljarane. Partistrategane som hadde lese Valg og velgere. En studie av stortingsvalget 2013 av Bernt Aardal og Johannes Bergh, visste i 2017 at blant partia var Ap-veljarane dei mest splitta i synet på innvandring. Dimed fekk Listhaug ei vesentleg rolle i valkampen.

Statsvitskapen kan vidare nyttast i idealistiske føremål. Vilkår for demokratisering veit statsvitarar mykje om. Faget kan vera ein frigjeringsvitskap eller ein reiskap for fredsskaping. Nokre av forskarane har som mål å avkle kollektive førestillingar, av di førestillingane stør opp om skjult undertrykking. Dette var den marxistiske posisjonen, som andre tok lærdom av. I dag kan feminisme og postkolonialisme nyttast i kritisk analyse, hevdar Hvidsten og Bratberg. Forfattarane av Hva er statsvitenskap meiner at statsvitskapen skal vera både eit danningsfag, eit styringsfag og eit kritisk fag, med større vekt på det første og helst mindre på det andre. Men så kjem nytta inn, både på kollektivt og individuelt plan, noko som styrkjer funksjonen som styringsfag.

Kritikk

Kritisk forsking, som meir radikale utgåver av feminisme og postkolonialisme, ligg i randsona av statsvitskapen, hevder Hvidsten og Bratberg. Då er det interessant å sjå kven som er nemnde i presentasjonen av statsvitskap: I sjølve brødteksten av boka er i alt 76 personar nemnde, dei fleste er forskarar. 20 mannlege og tre kvinnelege nordmenn er med. Av dei utanlandske finn vi 52 vestlege menn, éi europeisk kvinne og ingen ikkje-vestlige menn eller kvinner. I ein fotnote er Edward Said med, den einaste ikkje-vestlege i boka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement