Teater
Kvinnerop mot muren
Lament III er pantomimisk i grenseland mellom teater og kunstinstallasjon.
Ni skodespelarar og ein cellist er på scena.
Foto: Claudia Lucacel
Den livsfriske institusjonen Grusomhetens Teater har no i tretti år vore ein original villblome i norsk teaterliv, heile tida med skodespelaren og regissøren Lars Øyno som gründer. Kommersielle kan ingen kalle dei, men dei vekslar stadig vekk overraskande mellom eksperimentelt, introvert teater og klassisk dramatikk. Og aldri liknar det dei gjer, på det ein ser på institusjonsteatera.
Framsyninga dei syner i desse dagar, er eigentleg siste del av ein slags trilogi, eller, om ein vil, ei vidareføring av eit prosjekt som har vakse vidare.
I ein viss mon er det fellesskap mellom denne framsyninga og Danse Macabre, som vi såg for få veker sidan på Det Norske Teatret, i det at dei handlar om kvinners naud og desperasjon i krigs- og krisetilstand. I Lament III er det likevel eit ordlaust spel, der ni kvinner – norske og utanlandske – uttrykkjer seg med rørsle, gråt og skrik åleine. Det einaste av tekst som vert framført, kjem frå musikaren Tristan Honsiger, som spelar cello mellom sekvensane. Kvinnene er i svarte klede, alle har langt hår, og vi ser knapt andletet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.