Bok
Kvinnepionerar på skrå bredder
I ei tid då det var få sjølvstendige yrke norske kvinner kunne velje, vart skodespelarane pionerar som yrkeskvinner.
Lucie Wolf (1833–1902) er den som vert mest levande framstilt.
Foto: Claus Peter Knudsen / Oslo Museum / DigitaltMuseum
Professor Live Hov har i dei seinaste tretti åra skrive fleire teaterhistoriske bøker med eit særskilt kvinneperspektiv, med tema som alt frå da dei første kvinnene slapp til på europeiske scener på 1500- og 1600-talet, og til dei tidlegaste døma på kvinneprofilar i skandinavisk teater. Det nyaste bokverket hennar fokuserer på kvinneposisjonane i den norske teaterhistoria.
I Noreg fekk vi dei første eigne teaterinstitusjonane tidleg på 1800-talet. I motsetnad til i Shakespeare-tida, då kvinnerollene vart spela av gutar, slapp kvinnene no til som skodespelarar alt frå starten av. Og det var ikkje ein like lett lagnad for alle, kan Live Hovs bok fortelje.
Tre bolkar
Boka er delt i tre hovudavsnitt. I det første gjev Hov oss eit riss av brytingstida frå 1700- til 1800-talet, der profesjonelt teater i Noreg opphavleg var danske troppar på turnear og gjestespel, og der dei første norske teatera, frå det aller første, Strømbergs Theater (frå 1827), stort sett òg nytta danske aktørar.
Fornorskinga av scenekunsten var ein kampsak i denne tida, og mellom andre Henrik Wergeland og Henrik Anker Bjerregaard var med på å styrke norsk sceneidentitet. I dette avsnittet får vi òg lese små presentasjonar av danske skodespelarinner som spela på dei første norske teatera og dels danna skule for norske etterkomarar.
Dei første norske teatera i Kristiania, Bergen og Trondheim vert òg grundig presenterte, og her får vi mellom ann sjå korleis Ibsen og Bjørnson kjem inn som dramatikarar, instruktørar og teatersjefar, og kor dominant påverknad dei fekk på det som skulle bli norsk teater.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.