Bok

Kvinnehistorie frå dei siste 150 åra

Det er vissa om at vi har nådd langt, som gjer det til ein fest å lesa Norsk kvinnehistorie på 200 sider.

Då sonen August var åtte månader gammal, tok olje- og energiminister Marit Arnstad han med seg på tenestereise til Saudi-Arabia.
Då sonen August var åtte månader gammal, tok olje- og energiminister Marit Arnstad han med seg på tenestereise til Saudi-Arabia.
Publisert

Det er kort tid sidan kvinnelivet var eit heilt anna enn i dag, og sidan vi var umyndige også her i landet. Frå Camilla Collett til dei skamlause arabiske jentene går ein raud tråd: ut av det tronge, overvakte rommet, inn i samfunnet, delta, bestemme over eige liv.

Duckert har leita fram både det kuriøse og det graverande: Grete Waitz sprang New York maraton i sko for menn, det fanst ikkje den slags for kvinneføter. Da likestillingslova vart vedteken i 1978, spurde ein reporter om det heretter ville bli slutt på mannskor. Gifte kvinner skulle ikkje stelle sjuke. Vi må tru at dei var meir vane med mannskroppen enn diakonissene, som kjende kallet og levde i sølibat. Legeyrket var lenge stengt, den første kvinnelege legen heitte Marie Spångberg og tok eksamen i 1893. At kvinner kom inn i yrket, hadde særleg mykje å seie for kvinner, barn og fattige.

Det at menn hungrar etter og ynskjer å dominere kvinnekjønnet, har ført til, og fører til, at kvinners radius er innskrenka, medrekna krav om å pakke seg inn i plagg som hindrar rørsler og gangsyn. Dette heiter å skjerme og verne om kvinnene. Rettferd tilseier at det er mennenes radius som bør avgrensast om dei ikkje kan te seg.

Kvinnekuppet

I 1901 fekk kvinner med inntekt eller formue stemmerett ved kommuneval. Men dei vart strokne av listene. Godt da at kvinnene i 1971 svara med same mynt. Kvinnekuppet bør feirast. Vi er nå i valåret 2021, 50 år er gått.

Det var høg sysselsetting blant kvinner i Noreg tidleg på 1900-talet, i 1910 jobba ein tredel, og så mykje som 60 prosent av dei ugifte. Men det varte ikkje: I 1925 vart LO ein pådrivar for at kvar familie berre skulle ha éin lønsmottakar. Einar Gerhardsen, da partisekretær i Arbeidarpartiet, bad Werna Christie om å seia opp jobben før dei gifta seg i 1932. Først i 1939 vedtok Høgsterett at giftarmål ikkje var lovleg grunn til å bli oppsagd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement