Kven er dagens Vinje?Vinjehuset Åmot, festkveld, laurdag 7. aprilAasmund Olavsson Vinje skreiv både høgfløygd lyrikk og skjemtande prosa. Høg- og lågstil vart det på festkvelden òg. Vesle Vinje kommune var heldig å få Det Norske Kammerorkester, eit av dei
Aasmund Nordstoga syng med akkompagnement frå Det Norske Kammer-orkester.Aasmund Nordstoga syng med akkompagnement frå Det Norske Kammer-orkester.
Foto: Ronny SpaansFoto: Ronny Spaans
Aasmund Olavsson Vinje skreiv både høgfløygd lyrikk og skjemtande prosa. Høg- og lågstil vart det på festkvelden òg. Vesle Vinje kommune var heldig å få Det Norske Kammerorkester, eit av dei fremste i verda, på vitjing. Dei spela, og Erik Gjestvang og Aasmund Nordstoga sa fram dikt. Deretter var det tid for skjemt. Fyrst ute var Linda Eide. Ho reflekterte over to fenomen som nynorskbrukarar må leva med: nynorskhatet, «fråværet av Gud og kjærleik», som ho kalla det, og «overvakinga», arge kommentarar av talsmenn for ulike nynorske rettskrivingar, før ho spela blokkfløyte saman med kammerorkesteret.
Så kom overraskinga: norskmarokkanaren Yousef Hadaoui, aktuell med Svart humor på NRK. Eit av innslag hans var intervju med innvandrarar med langt skjegg på Grønland, med spørsmål om skyldskap med Vinje. Innslaga vart viste på storskjerm. Dette møtet mellom det multikulturelle Grønland og den opphavsnorske Vinje må vera det største sosiologiske eksperimentet i moderne tid. Det fall ikkje i god jord hjå alle. Ein og annan i publikum gjekk ut i protest. «Hadaoui stadfestar fordomar mot innvandrarar», sa kritiske røyster. Men desse røystene var i mindretal. Unge vestteler eg sat til bords med, lo så glas, bestikk og tallerkenar skalv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.