Bok

Kvardagsheltar

Jan Grue har levert nok ein viktig pamflett.

Jan Grue har doktorgrad i språkvitskap og debuterte som forfattar i 2010.
Jan Grue har doktorgrad i språkvitskap og debuterte som forfattar i 2010.
Publisert

Tidsklemma for småbarnsforeldre er velkjend. Kvart minutt tel i eit komplekst system av små og større delar som alle må fungere skal det store kvardagshjulet gå rundt.

Det spesielle for skvisen som Magne i Prøve og feile lever i, er at han ikkje berre kan skru opp tempoet eit par hakk eller spurte til T-bana for at dagen ikkje skal rakne. Som rullestolbrukar er Magne avhengig av teknologi og system på eit heilt anna nivå enn dei fleste. Andre må vere på plass til rett tid og på rett stad, og helst oppvise nokre gram fleksibilitet og velvilje.

Fordi han treng hjelp til mange fleire ting enn dei fleste av oss, sit han på spesialkompetanse som han tar i bruk når ikkje alt går på skjener – og det gjer det jo sjeldan. Til dømes kan stemmeleie og sosiolekt vere avgjerande for om ein får den hjelpa ein ber om. For å kome seg på jobb må Magne vente på TT-taxien, som ofte er sein, og som har ein lite fleksibel sjåfør.

Det er stor litteratur om tilsynelatande små ting. Det slår dessutan tilbake på oss funksjonsfriske: Korleis reagerer eg når nokon ber om hjelp? Korleis er mitt blikk på ein som sit i rullestol?

Prøve og feile er den tredje boka av Grue om korleis det er å leve med ein progressiv muskelsjukdom, alle er augeopnande litteratur.

Ulike kampar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement