Kvar song ei soge
Aasne Linnestå skriv om vern av liv.
Aasne Linnestå skriv både dramatikk, lyrikk og romanar.
Foto: Adrian Nielsen
På Møsstrond i Telemark, i utkanten av Hardangervidda, finst eit lite samfunn på litt over hundre sjeler. Her har dei bevart gamle tradisjonar, særleg innan kvedekunsten. Dette særmerkte og isolerte høgfjellsmiljøet syng med hos Linnestå, i ei bok som spenner opp eit stort lerret både tematisk, geografisk og historisk. Romanen tar opp djupe og alvorlege tema, tema som det kanskje kunne ha vore bora enda lenger ned i. Boka vil kanskje litt for mykje, forfattaren legg ut mange spor og greier ikkje følgje alle like godt.
Forteljinga om Johanna og menneska rundt henne kjennest likevel både varm, nær og aktuell, om korleis sterke drifter i natur og i menneske både kan skape det mest fantastiske – og leggje alt liv og all livslyst aude.
Sorgarbeid
Johanna er sjukepleiar og arbeider for ideelle organisasjonar i fattige land. Under eit oppdrag i Sudan bryt ho saman og må reise heim. Det som skjer i Afrika, er skildra i nokre korte og litt uklåre riss heilt i byrjinga og i korte attendeblikk lenger ut i boka. Det er det som skjer når Johanna er reist heim, som får merksemda i resten av romanen. Høgt oppe på fjellet, på familiehytta, lever ho i sjølvvald isolasjon i fleire månader – frå ein gong midt på vinteren og fram til våren kjem, sprengfull av liv og kraft.
Johanna treng ein pause, slikke sår, samle seg. Midtvegs i boka og i handlinga får ho ein hundekvalp til selskap. Ho har også nokre andre gode hjelparar. Som motvekt til vonde opplevingar då ho sjølv var ung, og ikkje minst til det ho har sett i felten at menn kan vere i stand til å gjere mot kvinner og barn, er dei andre viktige personane i boka gode menn – varme og ømskinna. Det er den gamle mannen som yter henne praktisk hjelp der oppe på vidda, ungdomskjærasten til farmora. Det er den støttande faren og det er den døde broren Tord – han som var så kjenslevar når det gjaldt naturen, at han ikkje greidde å leve.
Det er eit sorgarbeid Johanna går gjennom der oppe på vidda. Det handlar om broren, og om alt elendet ho har sett ute på oppdrag. Mest handlar det om henne sjølv: Greier ho bere sine eigne erfaringar og indre motsetnadar? Kan ho halde ut med sine eigne demonar? Ho har òg ein afrikansk kjærast som ho ikkje veit om ho kjem til å sjå att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.