Litteratur
«Kvar på sin plass, kvar i si rolle, heile D var som eit stort kor som lydde dirigenten.»
Teikning: May Linn Clement
10. desember 1960
Dei største diktarane. Dei talar um diktarar i desse dagar. Dei største diktarane eg veit, gjekk på D på Valen då eg var der dei fire åri fyrste gongen.
Make til menn! Stormeistaren var Hansen; han hadde sin faste veg øvst i hagen, og sin faste plass var midt på langbordet. Han styrde alt, såg alt, visste alt, røysti hans og tankane hans nådde til kvar einaste ein når spelet var som sterkast. Kvar på sin plass, kvar i si rolle, heile D var som eit stort kor som lydde dirigenten. Strømme var òg ein stor profet.
Espen var òg ein stor førar. Med ei fille vavd um høgre hand gjekk han på plass nede på do nedst i garden. Den veldige, høge kjempekaren peika og gav sine signal. Røysti var hås, nesten uhøyrleg, for han var døvstum. Han var ein stor sjef. Difor stod han alltid når me åt, og styrde matslaget. Han sat aldri ved bordet. Pål var òg ein sjef, når han brått stod der og peika.
Danielsen, den gamle sjømannen var òg ein hovding, alltid på plass ved vindauga, gav ordrar, banna og peika. Stundom song han so sårt. Den vesle japanaren var ein. Eg gløymer han aldri.
Å høyra til dei og vera ein av dei, som eg ei tid gjorde, gjorde meg byrg og sæl. Å svika dei og gå syntest eg var det uslaste eg hadde gjort. Eg kjende dei att andre gongen eg kom på D, det var sju år etter, dei kjende meg att, tykte eg, og eg kjende dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.