Teater

Kvar er lyset og moroa?

Siri Hustvedt-roman går i keisam oppløysing på Oslo Nye Teater.

Scenene med naturfotografi i bakgrunnen fascinerer mest.
Scenene med naturfotografi i bakgrunnen fascinerer mest.
Publisert

Det er i seinare tid ytra fleire gonger i media at altfor mange norske teaterframsyningar er bygde på romanar. Kvar er den gode originaldramatikken? Svaret er neppe at han ikkje finst. Det dreier seg nok meir om at ein tenker å femne eit større publikum om ein får med seg bokkubbmedlemmane og dei litterære studiesirklane. Norskamerikanske Siri Hustvedt har alt i fleire tiår markert seg som ei original appellerande forfattarrøyst. Men kor transportabel er ho til andre medium? Oppsetjinga av Sommeren uten menn lét oss att sterkt i tvil.

Kjærleikssorg

Hovudhistoria om ei mellomaldrande kvinne som vert dumpa av mannen sin gjennom 30 år til fordel for ei 20 år yngre kvinne, er i utgangspunktet ein klisjé, og det er sjølvsagt ikkje sjølve hendinga som er essensen. Det er reaksjonane, tankane rundt det heile og alle bihistoriene som vert genererte av denne såkalla livskrisa. Det dramaturgiske grepet ein har valt seg, er å la tre kvinner, ei i 20-åra, ei 40-åra og ei i 60-åra, spele ut historia ved dels å spele hovudpersonen Mia vekselvis, dels spele andre personar som kryssar livet hennar, alle kvinner eller jenteborn, og endeleg gå ut av rollene og fortelje direkte til publikum. Dei tre framifrå kvinnene Birgitte Victoria Svendsen, Herborg Kråkevik og Mari Dahl Sæther får alle i fullt mon demonstrert fingerøvingar på god skodespelarteknikk. At dei korkje klarer å røre eller more oss, kan vi ikkje laste dei for. Vi kan ikkje laste Siri Hustvedt heller, for vi kjenner sjølvsagt att både dei smarte formuleringane og den kvikt svingande forteljarteknikken som gjer henne særeigen som diktar. Kva er det som går gale?

Kaotisk

Problemet oppstår i det vanskelege grenselandet mellom forteljarteater og direkte skodespel. Dei tre skodespelarane får aldri tid og høve til å skape heile rollefigurar, og då vert dei stendige fokusskifta kaotiske. Keisame. Det vert aldri fullt alvor, og det vert aldri fullt ut vittig heller. Hustvedt har sjølv kalla boka ein komedie i romanform. Den intensjonen har ikkje overlevd i dramatiseringa. Songinnslaga med jazzstandardlåtar – og brått ein Janis Ian-låt frå 70-åra – er heller ikkje velvalde. Det legg seg berre utanpå heilskapen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement