Teater
Kva krig gjer med ein
Skadeskutt er eit ikkje heilt vellukka stykke om eit vanskeleg tema.
Skodespelarane Lars Melsæter Rydjord og Hugo Mikal Skår er stadig i rørsle.
Foto: Magnus Roaldset Furset, Thing
I førre veke vart dei som har representert Noreg i internasjonale militære operasjonar dei siste førti åra, heidra. Slik får ein fram den positive sida av denne innsatsen. Men det finst også ei negativ side, som har vore tema for fleire teaterproduksjonar, seinast Skadeskutt på Teatret Vårt i Molde. Posttraumatisk stress etter operasjonar i Afghanistan går gjerne att, men denne framsyninga seier ikkje noko om tid og stad, og gjer slik problemet meir allment.
Skadeskutt skil seg òg ut ved å kombinere verbalt og fysisk teater, grensande til dans, for å få fram noko av det som ikkje så lett lèt seg uttrykkje med ord. Men sjølv om dei to fysisk sterke skodespelarane, Lars Melsæter Rydjord og Hugo Mikal Skår, bokstaveleg tala går på veggane og elles er i stadig rørsle, fortel ikkje alt dette fysiske så mykje ut over å illustrere kampsituasjonar. Det som skal vere eit koreografisk «tillegg», synest ikkje få fram så mykje av det tittelen fortel at stykket handlar om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.