Kva kjem etter poesien?Den engelske kanal 2018PoesiJørn H. Sværen (red.):Den engelske kanal 2018Kolon forlag

Den engelske kanal 2018 er ein mangfaldig og tankevekkande poesiantologi.

Jørn H. Sværen har redigert fleire utgåver av poesiantologien.
Jørn H. Sværen har redigert fleire utgåver av poesiantologien.
Publisert

Den franske poeten Jean-Marie Glezie meiner at det ikkje lenger er mogleg å identifisere poesien ut frå formelle trekk, og at poesi meir er å sjå som ein strategi. Det finst altså prinsipielt ingen trekk som skil poesi frå andre sjangrar, sjølv om både kritikken og dei litterære institusjonane held fram med å handsame utgjevingane som om dei var poesi. Legg ein tankane til Glezie til grunn, er omgrepet om ny poesi problematisk. Glezie snakkar heller om postpoesi.

Brot

Jean-Marie Glezie er éin av dei tolv poetane som er representert i samtidspoesiantologien Den engelske kanal som i år kjem ut for sjette gong. Her finst norske og nordiske poetar, og nokre omsette frå fransk og engelsk. At antologien opnar med ei gamal omsetjing av Stéphane Mallarmé (1842–1898), er kanskje eit uttrykk for at ropet etter det nye er avleggs. Eller så ønskjer ein å leie merksemda mot den etterpoetiske tilstanden: Mallarmé braut med gjeldande syntaks og skreiv tekstar utan meining, og med han nådde ein grensa for kva diktinga kunne gjere.

Kva skulle ein gjere då? I staden må ein søkje inn i ei rad skrivepraksisar som eksperimenterer, og som opnar seg mot andre uttrykksformer. Somme av desse ulikarta skrivemåtane vert demonstrerte i Den engelske kanal 2018. Danske Andreas Vermehren Holm blandar bilete og skrift. Holm målar over boksider i gamle bøker, og ved å late ord stå att oppstår nye kombinasjonar av bilete og tekst.

Tankevekkande

Når Jenny Tundal, som skriv dikt som legg seg tett mot brevet, i siste line konkluderer med at «Brev verkar inte fungera», er det som om setninga underminerer tekstane hennar. Samstundes kastar dei lesaren mot verda utanfor teksten. Brevet føreset ein viss type samfunn. Likevel er det ikkje slik at Tunedals tekst er avhengig av at brevet fungerer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement