Bok
Kva eit menneske er
Mor forsvinner er ein sterk romandebut om viktige spørsmål og uvisse svar.
Romandebutant Truls Unholt er forleggjar i Teori og praksis forlag.
Foto: Paal Audestad
Det menneskelege kan ikkje isolerast som ein einskild eigenskap, og kanskje er det ikkje viktig å finna ein endeleg definisjon. Men når me vert vitne til at ein person vert tappa for alt det som gjorde vedkommande til eit individ for oss, dukkar spørsmål om fenomenet opp av seg sjølv. Det er det Truls Unholt skriv om i debutromanen sin.
Han skriv om mor si, ei eldre kvinne råka av demens, og han skriv om seg sjølv, ein vaksen mann som forsøker å forstå sjukdomen hennar. I dette arbeidet stiller han sterkt, for han har store mentale ressursar, både som forfattar og romanfigur. Det er truleg difor han skriv boka meir som essay enn som roman. Han diktar ikkje, i alle høve ikkje på anna vis enn slik me alle gjer, utan å tenkja på det som dikting, i tolkinga av dei andre i verda. Såleis presenterer han i dette verket skarpe tankar om folk han observerer, og han meiner han veit kvar dei skal plasserast.
Godt orientert
Mor forsvinner er ei uvanleg debutbok, særleg av di forfattaren er så godt orientert. Han er formmedviten, han har nytta tida si til lesing, og han forstår det han har lese. Han resonnerer framifrå om nær sagt alt mellom himmel og jord, og nokre gonger verkar assosiasjonane til og frå det sentrale temaet ein tanke konstruerte. Boka fungerer dermed på to plan, ho er god som essayistikk når forfattaren har resonnert seg langt inn i monologar om samfunnsfenomen som ikkje har mykje med saka å gjera, og god som roman i dei til dels gripande scenene med mora, som ikkje forstår sin eigen situasjon. Der dei essayistiske avsnitta er drøftingar om mennesket som fell frå sin eigen identitet, er me framleis i romanen, og der er Unholt aller best. Når han drøftar andre emne, med like stor innsikt og godt vokabular, hender det stundom at lesaren undrar seg litt over den skråsikre presentasjonen av premissane, som når Unholt ser ut til å meina at mange kastar seg på bølgja av saker det er populært å engasjera seg i, av di dei har dårleg samvit for noko dei ikkje har skuld i. Det kan ein ikkje vita, for ein kan til tider få ein lei mistanke om at somme har slik rettferdssans at dei er viljuge til å kjempa for rettane til grupper dei ikkje høyrer til i.
Ambisiøst
Unholt allierer seg med store namn, men det er ikkje tom namnedryping, han nyttar verk frå vitskap og litteratur som fundament for prosjektet sitt. Det er ambisiøst gjort og tenkt, men den som vil ta han på anna enn at han byter om støpsel og stikkontakt, og skriv prosjektere i staden for projisere, lyt kvessa pennen godt, om dei då ikkje vil gå inn i drøftingar av slike emne som til dømes om avfortryllinga av verda har tappa dei store forteljingane for meining eller ikkje. Ulikt Unholt forstår eg det slik at det var den absolutte meininga som vart borte, medan ho no vert forsøkt prova ved påvising av dei relative. Men det er no berre mi meining. Den er forresten absolutt relativ, men relativt absolutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.