Musikk

Kurt kokar hovudet

Årets plate frå Lambchop høyrer med mellom bandets beste.

Kurt Wagner i Lambchop.
Kurt Wagner i Lambchop.Kurt Wagner i Lambchop.
Publisert

Rock

Kva er Lambchop? Det er eit spørsmål Kurt Wagner er den einaste som kan svare på, for det er frontmannen i det omskiftelege bandet som i realiteten til ei kvar tid definerer kva som skal komme frå den kanten. Og på det åttande sporet på årets nye album, «Every Child Begins the World Again», er det som om alle versjonane av Lambchop kulminerer i ein og same song, som ein manifestasjon av både dei impulsane som har ført namnet dit det er i dag, og dit det kan førast vidare.

Som musikalsk prosjekt har Lambchop kanskje aldri vore meir radikalt ope enn det er no, og det er jammen friskt – Wagner har laga musikk under namnet sidan litt ut på 1990-talet, og kunne nok ha halde mange lyttarar godt nøgde med velprøvde oppskrifter, i ei tid der musikalsk nostalgi kanskje er meir innbringande enn nokon gong. Den gong ei.

Ny retning

Lyden av platene Lambchop laga frå midten av 2000-talet og utover – Damaged (2006), Oh (Ohio) (2008) og Mr. M (2012) – er kjenneteikna av at bandet fann seg komfortabelt til rette i eit attkjenneleg musikalsk uttrykk lyttarane deira lærte seg å forvente. Då sistnemnte utgiving kom ut, var Kurt Wagner litt uti femtiåra og fann seg sjølv i ein situasjon der han anten kunne halde stø kurs, eller utsetje det musikalske prosjektet for risiko.

Det vart til sistnemnde strategi, og eg høyrer til mellom dei som meiner at Flotus (2016) var eit steg i rett retning. Lambchop med Auto-Tune! Synthane florerte, og dei elektroniske impulsane fekk herje ganske fritt. I botnen av det heile kunne ein høyre ei kunstnarleg frigjering frå forventningar, ein motivasjon om ikkje å lage Nixon (2000), bandets framleis beste album, igjen og igjen – om å tore å tukle med ein velstøypt, ganske unik americanavariant.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement