Kunst
Kunstnarliv utan pauseknapp
Det er ikkje kvardagskost å få sjå sjølvaste Pablo Picasso (1881–1973) i Trondheim. At ein heilt fersk visningsstad som PoMo, som opna i vår, får låne verk frå nokre av dei mest kravstore kunsteigarane i verda, er rett og slett imponerande.
Dei to hovudverka på utstillinga vart forseinka på grunn av storm i Hongkong, og kom opp på veggen berre timar før opning.
Foto: Uli Holz / PoMo, Trondheim ©
Succession Pablo Picasso / BONO, Oslo 2025
Bak utstillinga Picasso – the Code of Painting ligg fire år med arbeid. Her får vi sjå meir enn femti verk fordelte på to etasjar. Her er fleire måleri i stort format i tillegg til ein serie med keramiske fat. Mange av verka har sjeldan vore viste fram.
Utstillinga legg fokus på dei siste tolv leveåra til Picasso, ein del av livet til den vidkjende kunstnaren som så langt har vore lite påakta.
Dei siste åra
I 1961 flytta Pablo Picasso og kona Jacqueline Roque til den stille landsbyen Mougins, som ligg søraust i Frankrike. Her fekk han ideelle arbeidsvilkår. Han hadde nok av pengar, og ei ung kone som administrerte det heile, i tillegg til å vere modell. Jacqueline Roque var endåtil dørvakt, og sila med kresen hand ut kven som fekk kome over dørterskelen.
Alt Picasso trong tenkje på, var å lage kunst. Og han la inn eit ekstra gir på tampen av livet, og måla til siste sukk. I åra fram til han døydde som 91-åring i 1973, skapte han meir enn 3100 verk.
Eit nytt blikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.