Kunst
Kunstnar med brodd
Arbeida til Nancy Spero har høg energi.
Installasjonen «Maypole: Take No Prisoners» (2007) er rekna som hovudverket til Nancy Spero.
Foto: Camilla Damgård / Lillehammer Kunstmuseum. BONO 2020
Det er litt av eit kunstnarskap som vert presentert på Lillehammer Kunstmuseum for tida. Her får vi eit tverrsnitt av den femti år lange karrieren til den amerikanske bildekunstnaren og aktivisten Nancy Spero (1926–2009). Utstillinga er kuratert av Museum Folkwang i Essen, sidan har ho vore vist ved Nordiska Akvarellmuseet i Skärhamn og Louisiana Museum i Humlebæk, før ho vert avslutta i Lillehammer. Her er utstillinga tilrettelagd av kurator Janeke Meyer Utne.
Utstillinga viser kor viktige slike samarbeidsprosjekt er, for det er ei svær og sjeldan flott utstilling. Her ser vi korleis Spero går gjennom fleire fasar, korleis ho tidleg utviklar seg vekk frå måleriet. Det heftar for mykje tradisjon med dette mediet, det får ho kjenne på kroppen på den vondaste måten som råd er: å bli ignorert. Ho får ikkje gehør for det ho ønskjer å uttrykke. I 1950-åra er abstrakt ekspresjonisme i fokus, medan Spero arbeider figurativt. Det er dei mannlege kunstnarane som boltrar seg med penselsprut mot svære lerret, medan ho vert usynleggjord. Ho irriterer seg over dei mange hindringane som ligg i vegen for kvinnelege kunstnarar. I staden for å tilpasse seg den mannsdominerte kunstscena trakkar ho opp nye stiar, utforskar nye formspråk, no på papir.
Det er ein slik energi i arbeida hennar. Ein flamme som brenn like sterkt gjennom alle tiåra med kunst. Dette er svært sjeldan å sjå.
Krigsbilde
Særleg inntrykk gjer War Series, som vart utforma i perioden 1966–70 som reaksjon mot Vietnamkrigen. Dette var den første TV-overførte krigen, det gjorde kolossalt inntrykk når brutale, blodige scener velta inn i stovene til folk. Det er verdt å dvele ved kor kraftig dette vart opplevd på 60-talet, i dag er vi kan hende blitt for tjukkhuda.
Kunstnarar verda over laga protestkunst. Spero måla ein omfattande serie på papir der ho viser det absurde ved krigen, den meiningslause valden. Her er anonyme helikopter sette opp mot lidande menneske og elver av blod. Fru Justitia ruvar på eit helikopter, ho har tydelegvis late vektskåla tippe i amerikansk favør.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.