Kunst

Kunsten å sparke oppover

Christian Messel stikk effektivt hòl på eit oppblåst og oppskrytt mannsideal.

«Series D #8 (Zoffany)», collage og blekk på papir, 2009.
«Series D #8 (Zoffany)», collage og blekk på papir, 2009.
Publisert Sist oppdatert

Det første som møter oss i den omfattande mønstringa til Christian Messel (f. 1980), er eit stort måleri av ein ulv forkledd som gjetar. I bakgrunnen kviler saueflokken fredfullt. Den falske gjetaren sleikjer seg om munnen medan han ser på oss med eit sleskt og innforstått smil. Kunstnaren har signert verket nedst i venstre hjørne, men ikkje med sitt eige namn. For verket er ei omhyggeleg etterlikning av «The Wolf in Shepherd’s Clothing» av den franske illustratøren Gustave Doré frå 1868.

Medan arbeidet til Doré er eit grafisk trykk skore ut i tre, har Messel måla sin versjon med lette strøk med akrylmåling. Går ein nær innpå, kan ein glede seg over det vakre nettverket som Messel har bygd opp av tynne penselstrøk i forskjellige vinklar. Såleis har han gjort Dorés arbeid til sitt eige. I tillegg har Messel ført inn eit ekstra element, eit stilisert handtrykk, symbolet på ein inngått avtale. Denne samansetjinga talar sitt eige klare språk. Verket slår an tonen for utstillinga, med eit skrått smil sparkar kunstnaren mot dei som sit med makt. Han er aldri den som sparkar nedover.

Luksus før og no

Messel er ikkje av dei som skyr arbeid. I verket «Series D #8 (Zoffany)» har han teikna eit galleri i rokokkostil etter eit bilete tyske Johann Zoffany måla i åra 1772–1778. Her vurderer fornemme parykkledde herrar verk i eit rom fylt med kostelege kunstskattar.

Verket er teikna med tusj, rissa opp med ein lett og elegant skravur. Messel har erstatta dei tradisjonelle måleria med foto. I framgrunnen er eit utsnitt av eit kjent måleri av den franske rokokkomålaren Francois Boucher frå 1751. Mennene som diskuterer måleriet, lèt seg ikkje merke med at måleriet av den fagre kjærleiksgudinna Venus er skore i to.

Vi finn òg fleire eksempel på vår tids luksuriøse maktsymbol, saksa frå vekeblad. Når dei vert plasserte i rokokkorammer, vert det ufrivillig komiske svært tydeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement