Bok
Kunsten å skjerme seg mot skjerm i ei digital rushtid
Skarpsindig, vittig og tankevekkande om digitalt fråhald i ei tid der den digitale tilgangen er større enn nokon gong.
Då journalist og litteraturkritikar Bjørn Gabrielsen innsåg kor negativ påverknad skjermbruk hadde på både barn og vaksne i familien, la han ned forbod mot skjerm og smarttelefon heime. Barna hans er seks og ni år gamle. I Skjermslaver reiser han kritiske spørsmål om den teknologiske utviklinga og det aukande digitale trykket vi blir utsette for.
Medievanar i endring
For ikkje så mange år sidan var mobiltelefonen ein mobil telefon, eit lite apparat ein kunne ringe og sende tekstmeldingar med. I dag er han så uendeleg mykje meir. Kopla til internett gir han uavgrensa tilgang til spel, sosiale medium, underhaldning og all slags informasjon. Smarttelefon og nettbrett er allemannseige, og utviklinga går snøgt. Barn langt ned i alder får tilgang til den nyaste teknologien. Det er mest alltid ein skjerm å gripe til, alt frå hendig lommeformat til store TV-skjermar på lett synleg plass i heimen. I det offentlege rommet blir vi òg eksponerte for skjermar, og i skulen er det digital storsatsing med skjermundervisning og nettbrett og berbare datamaskiner til elevane. Kva gjer ein så massiv digital tilgang og skjermbruk med oss, og korleis kan vi handtere utfordringane han måtte føre med seg?
Gabrielsen er oppteken av korleis skjermtida går på kostnad av andre og viktigare gjeremål, til dømes sosialt liv, felles aktivitetar og å ha nok av god gamaldags tid til å kjede seg. Å etterkome trongen til å sjekke telefonen kvart femte minutt har innverknad på kommunikasjonen og samkvemmet vi har med menneska rundt oss.
Internett gir beinveges tilfredsstilling og superrask respons. Det kjappe vinn som oftast over det langsame, slik levande bilete vinn over stilleståande tekst. Det er lett å tenkje seg kva eit barn vil rette merksemda mot når valet står mellom å opne ei ukjend bok utan bilete og å bli underheldt via ein skjerm. Forresten, er lesing og fysiske bøker eigentleg særleg viktig i ei moderne tid? Bjørn Gabrielsen gir klåre svar på dette spørsmålet.
Drastiske grep
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.