JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Variert, spenstig og modig

Her får vi bryne oss på eit vell av ulike kunstformer, ein veit aldri kva som ventar når ein stig inn dei høge dørene til galleriet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Per Stian Monsås, «To Be Continued», 2022.

Foto: Dag-Asle Langø

7070
20230217
7070
20230217

Utstilling

Per Stian Monsås:

To be continued

3. februar – 10. april

Arne Ekeland:
Malerier og tegninger
18. november–26. februar

Laura-Ann Morrison:
PT2
3. februar – 10. april
Woman, Life, Freedom
11.–26. februar

Kjøpmannsgata Ung Kunst (K-U-K), Trondheim

Her kjem eit situasjonsbilete av ein sentral og framleis ganske ny aktør på kunstscena. Kjøpmannsgata Ung Kunst (K-U-K) opna med eit brak hausten 2021 og har sidan vore ein pulserande og dynamisk arena for norsk og internasjonal kunst. Dei meir enn tusen kvadratmetrane vert brukt retteleg vel.

«To be continued»

Alt før vi kjem til resepsjonen, vert vi lokka mot ein diger installasjon som stenger vegen inn i den smale salen i hjørnet mot Kjøpmannsgata. Her har Per Stian Monsås (f. 1990) montert opp ei kraftig treramme, inspirert av konstruksjonen til jernbanebruer. Heile 3300 svarte tau heng tett i tett. Sjølv om kvart og eitt av dei syntetiske reipa er fjørlette, dannar dei til saman ein nærast ugjennomtrengeleg barriere.

Kunstverket består rett og slett av opplevinga ein får når ein strevar seg gjennom veggen av tau med forventing om kva som ventar på den andre sida. Overraskinga, og kan hende skuffelsen, over å kome inn i eit heilt tomt rom er òg ein del av opplevinga.

Også erkjenninga av at du må same vegen ut att. Men vegen ut att går lettare, no er ein meir rutinert, så då tek ein like godt turen inn att, i alle fall ein gong til.

Det er faktisk noko herleg med å verte omslutta av tau, så akkurat passe klaustrofobiske å velte seg ut gjennom. Det er vanskeleg å gjere dette på nokon elegant måte og med frisyren i behald. Denne første soloutstillinga til Monsås er eit leikent verk. Det er slett ingen dum ting å verte mint om at vi aldri vert for gamle til enkel, fysisk moro.

Den underfundige tittelen «To be continued» er inspirert av populærkulturen. Medan eventyra beveger seg mot eit «så levde dei lukkeleg alle sine dagar», er vår tids forteljingar lange seriar som kvar gong endar spennande og med ein forlokkande lovnad om ei fortsetjing. Så kan vi gle oss til å sjå neste presentasjon av Monsås.

Ritualfragment

Vi går vidare til ein annan nyutdanna kunstnar, Laura-Ann Morrison (f. 1991), som har fått ein av hovudsalane til debututstillinga si med 13 store fotografi. Imponerande nok opnar ho i tillegg utstilling ved anerkjente Galleri K i Oslo fredag denne veka.

Medan verket til Monsås berre fungerer om du dykkar inn i det med heile kroppen, vert arbeida til Morrison øydelagde berre ein kjem borti dei med ein finger. Fotografia er framkalla på mjukt bomullspapir, berre éi berøring, så er verket øydelagt. Det av vi får lov til å kome så nært dette sårbare som lett kan øydeleggast, tilfører opplevinga noko ekstra. Såleis får vi granske teksturen i bildeflata, korleis det glatte, tjukke, nesten varme papiret syg til seg fargestoffet.

Det første vi legg merke til, er auga, dei intense, gjennomborande blikka som lyser mot oss. Kva er det vi ser her? Morrison bur og arbeider i Trondheim og Accra i Ghana. Desse bilda vart tekne for ti år sidan under ein spirituell seremoni i Ghana. Dette skal vere eit beskyttelsesritual, med det iaugefallande kvite leirpulveret som vern mot vonde krefter.

Bilda har lege og modna i mange år. Først no viser ho dei fram, ikkje som dokumentasjonsfoto, men i form av lausrivne fragment mot ein beksvart bakgrunn. Alt som kunne gi forklaring og kontekst, er klipt vekk. Det vi ser, er montasjar av lausrivne kroppsdelar, grovkutta og røffe utskjeringar, tette nærbilde av hovud i overmenneskeleg storleik.

Kva handlar bilda eigentleg om? Peikar Morrison på den vestlege trongen til å hente ut og bruke element frå andre kulturar, utan interesse for det vi eigentleg har føre oss? Det er til dømes få religionar i verda som er så misforståtte som afrikanske tradisjonelle religionar. Kva Morrison vil fortelje med desse verka, er eg litt usikker på, det er som her er fleire lag eg enno ikkje har lukkast å trenge igjennom. Men eg har inga hast og får grunde vidare på dei.

Laura- Ann Morrison, «Verk 7» frå PT 2-serien, 2012, 140 x 95 cm.

Fridom

I dei små salane i kjellaretasjen er det sett opp utstilling i samarbeid med Den Internasjonale Studentfestivalen i Trondheim (ISFIT) i samband med Studentenes fredspris. Women, Life, Freedom, utstillingstittelen, er eit sentralt slagord for den store kvinnerørsla for fridom i Iran som har velta over landet sidan hausten 2022, då 22 år gamle Mahsa Amini døydde i varetekt etter at ho vart arrestert for feil bruk av hijab.

Medan dei som protesterer i Iran, har fått internett strupt og vert kua med trugsel om brutale straffer, stiller iranske kunstnarar som bur i andre land, ut kunst for å støtte denne grunneggande kampen. Eit av verka som gjer sterkt inntrykk, er signert designaren Ahmad Rafiei, som er busett i Polen. Han har laga ein serie plakatar i formspråket til amerikanske propagandaplakatar frå andre verdskrigen, mellom anna den ikoniske rekrutteringsplakaten «I Want You», der Uncle Sam er erstatta med ei kvinne.

«Rise With the Women of Iran» er ein meme av «Friheten på barrikadene», som franske Delacroix måla til minne om julirevolusjonen i Frankrike i 1830. Sentralt i bildet leier ei kvinne folket fram over kroppane til dei falne. Rafiei har gjort om scena i teikneseriestil, her er kvinna blodstenka, og med flagrande utslått hår løftar ho trassig det iranske flagget høgt over hovudet.

Pop-up

Då eg var innom K-U-K, var det endåtil ei utstilling i eit lokale dei har med inngang frå Dronningens gate, det såkalla pop-up-galleriet deira. Då eg var der, var det fleire videoverk der Gustav Gunvaldsen og Pål Rees fortel om livet med Trondheim som arena. Den utstillinga er vel teken ned att no. Og kva som er der neste gong, er uvisst. Det er vel dette som nettopp er sjarmen med slike temporære utstillingsstader.

Ein målerinestor

Framleis kan ein nyte dei siste dagane med den omfattande utstillinga av ein av modernismens store namn. Det største arealet i begge etasjar er vigd Arne Ekeland (1908–1994). Her er store måleri som spenner over eit tidsspenn på meir enn seksti år. Fleire er i privat eige og har ikkje vore viste tidlegare.

Ekeland var engasjert i Norges Kommunistiske Parti, noko som gir farge til mykje av kunsten, som dei mange idealiseringane av arbeidaren og industrien. I den omfattande utstillinga vert vi kjende med andre sider, måleri som nærmar seg nonfigurative komposisjonar, eit stort spenn i palett – frå det matte og kjølige, til syrlege pastellar i rosa tonar, til ulmande, varme klangar.

Ein kan tenke at denne utstilling ligg utanfor mandatet til Kjøpmannsgata Ung Kunst, som nettopp vil lage ein arena for dei unge og i mindre grad for nestorar som Ekeland, som for lengst er skriven inn i kunsthistoria med to strekar under kvar setning. Samstundes er dette eit solid kunstnarskap som vil vere inspirerande for unge kunstnarar å få høve til granske. Det er noko langt anna å sjå bilde i røynda enn på nettet.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis