JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

To hundre verk av Dahl kan aldri bli feil

Naturens kraft er ei overdådig utstilling, likevel ikkje større enn at ho skjerper appetitten for meir.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Parti fra Bergens våg», ungdomsverk, 1806.

Foto: Dag Fosse/KODE

4787
20180629
4787
20180629

Målarkunst

J.C. Dahl

Naturens Kraft

4. mai–7. oktober
KODE i Bergen
Kurator: Knut Ormhaug

KODE 2, bygget som vi tidlegare kjende som Stenersensamlingen, viser ei velkomponert utstilling med måleri, skisser og teikningar av målaren Johan Christian Dahl (1788–1857). Det er laga ein fyldig utstillingskatalog der ein har lukkast i kunsten å formidle fagleg kunnskap gjennom eit godt og lettfatteleg språk.

Dahl har eit liv som eit folkeeventyr: Fattigguten frå Bergen slo seg opp som ein av dei leiande nasjonalromantiske målarane i Europa.

Han levde i ein periode då Noreg hadde fått smaken på sjølvstende, og han vart viktig i arbeidet med å finne den norske eigenarten. Han smelta saman kunst, filosofi og naturvitskap til måleri som endra måten ein oppfattar norsk natur på – den dag i dag. Samstundes arbeidde han med å bevare det han såg var i ferd med å gå tapt. Dahl gav kveik til eit gryande fortidsvern og nasjonalgalleri. Han tok opp tanken om å restaurere Håkonshallen og Nidarosdomen, fekk redda stavkyrkje og stavkyrkjekunst og var med på skipinga av Foreningen til norske Fortidsmindesmærkers Bevaring.

Eit talent får høve
til å falde seg ut

Eg set stor pris på at kuratoren har sett av rikeleg med plass til dei tidlege verka. Det er tankevekkande å sjå arbeida frå tida han gjekk i lære som dekorasjonmålar i Bergen. Slik starta altså den store J.C. Dahl, den første internasjonalt kjende bildekunstnaren vår. Den tida fanst det ikkje kunstutdanning i Noreg. Måling var rekna som handverk. Ved sida av å pensle på stakittgjerde kunne Dahl få i oppdrag å lage scener frå byen og omlandet for rike bergensarar. Verka er måla i ein stram og klassisistisk stil, slik moten var. Sjølv om dette ikkje var fri kunst, er det noko friskt og lett over måten han fangar motivet i ein harmonisk heilskap som vart fanga opp av bergensarar som drøymde om ein norsk kunst. Etter ei kronerulling kunne han reise til København for å ta kunstutdanning. Då var han alt 23 år gamal.

Her er fleire arbeid frå tida i København. Gjennom bileta følgjer vi ei rasande utvikling mot eit sjølvstendig uttrykk, gjennom kopiar etter nederlandsk 1600-talsmåleri, grundige naturstudium og eigne norske fantasilandskap i romantisk stil. Verka er prega av ei sterk målarglede, som er med han gjennom heile karrieren.

Professor i Dresden

Ferdig utdanna slo Dahl seg ned i Dresden, der han budde resten av livet. Frå 1824 var han professor ved kunstakademiet. Her var han med på å forme ein ny generasjon målarar; mellom elevane var norske kunstnarar som Thomas Fearnley (1808–42) og Peder Balke (1804–87). Sjølv om han arbeidde i Tyskland, var auga alltid vende mot heimlandet. Dei storslegne noregsbileta vart til i atelieret i Tyskland, basert på mengdene av skisser som han laga under fem omfattande studiereiser gjennom Noreg. Fleire av teikningane vert viste i Bergen.

Resten av utstillinga er delt inn i tema under hovudtittelen «naturkrefter». Her er norsk natur på sitt mest dramatiske, med brusande fossar, bratte fjellskrentar, stormar og skipsforlis. Motiva er utforma i ein kjensleladd stil, med store kontrastar mellom lys og mørke, dramatisk motlys og kraftige solnedgangsfargar. Dahl løfter fram den ville naturen som menneska vert små og makteslause imot, men likevel har lært å leve med.

Dahl var såleis med på å forme måten ein såg på norsk natur på – ein natur som fram til då vart sett på som heslig og ruskete. Natursynet hadde samanheng med hindringa og trusselen som naturen representerte før den moderne teknologien gradvis gjorde det lettare å «temje» naturkreftene.

Utstillinga endar i ein sal fylt av fredfylte kveldsstemningar, ei elegant avslutning av framvisinga av eit langt kunstnarliv.

Dahl i dag

Etter Edvard Munch er J.C. Dahl den norske målaren som har størst internasjonalt ry. Det vert lett gløymt her til lands. Det er ein norsk tradisjon å rive heltane våre ned frå pidestallen, men eg ser liten grunn til å gjere det med Dahl. For nokon kling dei nasjonalromantiske måleria falskt i dei globalt orienterte øyra våre. Men her er Dahl feil mann. Personane i måleria er i liten grad heroiserte, det er det vesle mennesket mot den mektige naturen.

Ei side som er langt meir opp i dagen, er måten Dahl ønskte å opne auga for at natur og kultur må takast vare på. Måleria hjelpte folk til å oppdage eigenart og venleik i det dei sjølve helst ville rive.

Og prosjektet til Dahl er i høgste grad aktuelt. I dag har mange av naturmotiva i måleria grodd att. I tillegg kjem store hytter, kraftmaster og vindmøller som riv opp landskapet, og fjordane er forsøpla. Vi bør såleis igjen få auga opp for måleria til Dahl.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis