Til det motsette er bevist
Esther Maria Bjørneboe, frå Bandidos-saka, teikna for Dagbladet i 2002.
Sjå for deg at du vitnar i ei rettssak. Du er på veg mot vitneboksen, klam i hendene. Alle følgjer deg med blikket, eitt augepar meir intenst enn dei hine, det som høyrer til henne som sit klar med blyanten. Auga glir over heile skapnaden din, nesten så dei smyg seg innunder huda di medan du forklarer deg for retten. Raske rørsler over papiret.
Det varte ikkje mange minutta. Likevel ser du deg sjølv i nettavisa om kvelden, ei rettsteikning som har fanga opp måten du klamra deg fast i bordplata på, lente deg framover, ukomfortabel, samstundes djupt konsentrert. Du er letta over at håret løyner det meste av andletet.
Rettsteiknarar plar dempe særtrekka til dei som ikkje skal ha namnet sitt i avisa, vitne har eit særleg vern. Andre aktørar vert streka opp med stor portrettlikskap.
I ei tid då peikefingeren sit laust hos dei fleste, det meste vert knipsa og delt, er rettsteikning eit fascinerande fenomen. Tenk at det framleis finst ein arena der det ikkje er lov å ta bilde – berre teikne. For det skal vere høgtid over ei rettssak, det er spørsmål om skuld og straff, i eit større perspektiv vert sjølve rettsstaten falda ut her.
Såleis vert transparensen viktig, at journalistar deler det som hender attom dei stengde dørene. Også rettsteiknaren er her på oppdrag for media. Ei god rettsteikning vert som ein essens av det som utspeler seg i salen. På same vis som Esther Maria Bjørneboe skildrar rettssaka i eit rikt fargespel, byr motivet på nyanserte, menneskelege reaksjonar. Og minner oss på at ingenting er berre svart og kvitt.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sjå for deg at du vitnar i ei rettssak. Du er på veg mot vitneboksen, klam i hendene. Alle følgjer deg med blikket, eitt augepar meir intenst enn dei hine, det som høyrer til henne som sit klar med blyanten. Auga glir over heile skapnaden din, nesten så dei smyg seg innunder huda di medan du forklarer deg for retten. Raske rørsler over papiret.
Det varte ikkje mange minutta. Likevel ser du deg sjølv i nettavisa om kvelden, ei rettsteikning som har fanga opp måten du klamra deg fast i bordplata på, lente deg framover, ukomfortabel, samstundes djupt konsentrert. Du er letta over at håret løyner det meste av andletet.
Rettsteiknarar plar dempe særtrekka til dei som ikkje skal ha namnet sitt i avisa, vitne har eit særleg vern. Andre aktørar vert streka opp med stor portrettlikskap.
I ei tid då peikefingeren sit laust hos dei fleste, det meste vert knipsa og delt, er rettsteikning eit fascinerande fenomen. Tenk at det framleis finst ein arena der det ikkje er lov å ta bilde – berre teikne. For det skal vere høgtid over ei rettssak, det er spørsmål om skuld og straff, i eit større perspektiv vert sjølve rettsstaten falda ut her.
Såleis vert transparensen viktig, at journalistar deler det som hender attom dei stengde dørene. Også rettsteiknaren er her på oppdrag for media. Ei god rettsteikning vert som ein essens av det som utspeler seg i salen. På same vis som Esther Maria Bjørneboe skildrar rettssaka i eit rikt fargespel, byr motivet på nyanserte, menneskelege reaksjonar. Og minner oss på at ingenting er berre svart og kvitt.
Eva Furseth
Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.