Kunst
Stilsikkert i naturmateriale
Bildehoggaren Knut Wold er hovudutstillar, med steinar, lafta trekonstruksjonar og ein diger kube av torv. Attom det tilsynelatande enkle uttrykket gøymer det seg fleire tydingslag, noko som gjer dette til ei underfundig utstilling.
Wold stiller ut monumentale skulpturar i stein, tre og torv.
Foto: Tobias Nordvik
Stein
Knut Wold (f. 1953) har fylt storsalen med noko som ved første augekast verkar som eit tilfeldig utval steinar. Ytene er ubehandla, på nokre veks det endåtil mose og lav. Her er gneis, larvikitt og gabbro, sterke steinartar som tusenåra har slipt ned til heilskaplege, glatte former.
Ser ein steinane frå sida, er det som om dei svevar over det blankpolerte golvet. Går ein nærare, oppdagar ein at dei er hola ut. For verkeleg å kunne verdsetje desse verka må ein la alle hemningar fare, trasse undrande blikk og leggje seg på golvet, slå på lommelykta på mobilen og stikke han innunder steinen. Først då oppdagar ein dei vakre holromma Wold har hogd ut. Der er det forma sirlege langsgåande riller over dei boga innerveggane. Det er tankevekkjande korleis kunstnaren har løynt det omfattande arbeidet under skulpturen, nærast som ei gåve til dei aller mest nyfikne av oss. Det er også imponerande at han har utforma og transportert arbeida inn i museet utan å skade yta.
Eg vart gåande og sjå på desse illusjonane av naturlege steinformer utan heilt å kunne setje ord på kva som gjer dei så dragande.
Wold har henta steinane ut av ei ryddingsrøys på heimgarden Sørum i Stange, der han òg har atelier. Gjennom fleire generasjonar har steinane blitt lempa til sides frå den dyrka marka, nokre ryddingsrøyser er endåtil frå yngre steinalder. Såleis fortel verka om kulturlandskapet. Det er ein stor kontrast mellom det mødesame arbeidet det i si tid var å bere vekk steinane, og dei svevande, uthola skulpturane Wold har laga av dei. Her har bildehoggaren teke tak i noko som i uminnelege tider har vore rekna som avfall, som må lukast vekk for at jorda skal kunne dyrkast. Korleis verka kan tolkast, er ikkje visst. Kan hende fortel dei om tradisjonar som er i ferd med å forvitre i eit stadig meir industrielt landbruk, om kulturlandskap som ingen lenger vil ha, og som gror att.
Tre
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.