Kunst
Sterke former i keramikk
I Lyden av leire tek Brit Dyrnes tak i det nære, leikne og intime ved materialet.
Den performancebaserte installasjonen «Lyden av leire» (2022). Foto: Anne Marthe Vestre Berge
Den trønderske kunstnaren Brit Dyrnes (f. 1955) har arbeidd med leire gjennom eit langt og rikt kunstnarliv. Ho har utført mange store utsmykkingar i Noreg og stilt ut verda over. Ho reiser mykje, og sankar inspirasjon vidt og nært.
Gjennom åra har ho hatt fleire utsmykkingsoppdrag i Møre og Romsdal. Seinvinteren 2019 etablerte ho seg som keramikar i Surnadal. Her har ho initiert og bygd opp Kvenna Kunstverksted, der ho i tillegg til å arbeide med kunst generøst deler av kunnskapen sin gjennom workshopar og anna kunstformidling.
Utstillinga Lyden av leire er den største mønstringa av kunsten hennar så langt, med hovudvekt på verk som er laga dei siste sju åra. Det er også ei viktig utstilling for kunsthandverket og visninga av keramikk, som ein ser for lite av i norske museum.
Sterke former
Dyrnes har fått alt av plass i begge etasjane i Kube, til saman to store salar og fire mindre rom. Visingsromma i andre etasje er vakkert måla i kvar sin farge som vi kjenner att frå keramikken: kobolt, jarn, oker og leirgrått.
Det første rommet vi går inn i, har veggar dekte av svarte tekstilar. Teppa dannar eit avgrensa rom og fjernar alle forstyrringar. Alt fokus er lagt på dei mange gylne søylene som er plasserte utover, rad på rad slanke rektangel med små skulpturar på toppen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.