Kunst
Skulptur på bærtur?
Når ein tenker etter, så florerar det av kunst i offentlege rom. Nokre er til å kvile auga på, andre utfordrar.
Borge Berg: «Sorte mann», 1987.
Foto: Bjørn Hessen
I Kvam i Gudbrandsdalen har eit offentleg verk sett sinna i kok. Verket det er snakk om, er sett saman av mellom anna ein gamal møkkaspreiar. Etter kva eg kan vurdere av bilete av installasjonen med den pretensiøse tittelen European Exchange, er det vanskeleg å finne kunstnarlege kvalitetar å snakke om. Ein slank, tilhogd trestokk kan føre tanken mot stamnen på ein vikingbåt, men eg finn ingen interessante koplingar mot resten av elementa. Det verkar som om kunstnarane har avslutta arbeidet altfor tidleg. Verket treng i tillegg betrakteleg meir solide løyningar skal det tole ver og vind over lengre tid. Sjølve objektet er med andre ord mislukka som installasjon. Verket fungerer betrakteleg betre som kunsthappening, for det er så visst ein kunst å klare å provosere i dag. Kunstnarane, arkitektgruppa Fellesskapsprosjektet å Fortette Byen (FFB), fekk meir merksemd i media enn dei aller fleste. No er installasjonen demontert, mellom anna fordi han var usikra. Men fleire kvambuarar arbeider for å få opp att verket. Siste ord i saka er slett ikkje sagt.
Eg må innrømme at eg finn tamme verk langt meir provoserande enn slike som European Exchange. På den nyopna lufthamna i Bergen er eit ferskt eksempel. Her vart skulpturen av motstandsmannen Per Hysing-Dahl av Vidar Bratlund Mæland nyleg avduka. Til liks med mange av dei nyare figurative skulpturane er han heilt livlaus, og seier lite om korleis personen var, kva som løynde seg attanfor hud og hår. Vi nikkar gjenkjennande mot skapnaden på sokkelen, før vi hastar vidare. Neste gong enser vi han ikkje. Snart er heile skulpturen usynleg for oss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.