Kunst

Sjukt barn?

Henry Peach Robinson, «Fading Away», 1858.
Henry Peach Robinson, «Fading Away», 1858.
Publisert

I 1858 presenterte den britiske fotografen Henry Peach Robinsons (1830–1901) eit bilde som skapte ramaskrik. Her ser vi ein knust familie ved sottesenga til ei dotter. Kva var det som gjorde at dette verket skapte slikt oppstuss?

Gjennom hundreår med vestleg bildekunst finn vi liknande framstillingar, gjerne med inngåande skildringar av andleta til den lidande pasienten. Interessant nok vart folk forarga fordi jenta på biletet slett ikkje var sjuk, og dei fortvila familiemedlemmane korkje sørgde eller var i slekt. Robinson hadde endåtil skapt biletet ved hjelp av ein eigenutvikla teknikk. Motivet er sett saman av fem enkelt­opptak, som han skar ut delar frå og pusla saman til eitt motiv.

Det var heilt greitt når målarar konstruerte scenene sine. Men fotografane, dei skulle dokumentere. Dette var trass alt eit nyutvikla medium, det første stabile fotografiet vart produsert i 1826. Mellom anna skildra den leiande franske fotografen Louis Daguerre (1787­–1851) fotografiet som ein kjemisk og fysisk prosess som lét naturen reprodusere seg sjølv, og britiske William Talbot (1800–1877) meinte det var «naturens pensel».

Med «Fading Away» fekk sanningsverdien til fotografiet ein ureparerleg knekk. Frå no av kunne publikum ikkje lenger stole på det dei såg. I staden fremja Robinson fotografiet som arena for å utforske målariske verknader. I «Fading Away» er det brukt ein trekantkomposisjon, der kvinnene på kvar side av pasienten speglar kvarandre. Dei eldre personane er kledde i mørkt, og dei unge i kvitt. Midt i bildet står ein slank vase med visna blomar, noko som sjeldan lovar godt i kunstverk med tema som dette.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement