Kunst

Sceneteppet som vart berga

Rudolf Krog: sceneteppe i Tafjord ungdomshus, detalj (1920).
Rudolf Krog: sceneteppe i Tafjord ungdomshus, detalj (1920).
Publisert

I det romslege ungdomshuset i Tafjord heng eit stort og staseleg sceneteppe frå 1920. Dette var den tida ungdomshusa var viktige møtestader, fylte med liv og røre. Det vart investert i eit kostbart teppe av teatermålaren Rudolf Krog (1877–1928). Han var særs ettertrakta og utførte oppdrag for fleire ungdomslag og kaffistover i landet, i tillegg til større teater i Oslo, Bergen, Trondheim og Halden.

Måleriet gir ein illusjon å vere innramma av staselege, tjukke fløyelsgardiner i djupraud farge, med gylne duskar og frynser. Som gjennom eit vindauge ser vi inn over bygda Tafjord, skildra på ein solfylt haustdag i muntre fargar. Alle detaljane trekker auga våre til seg, bratte fjellparti står i kontrast til den flata og blide bygda, og set publikum i stemning.

Det som gjer dette teppet særleg spesielt, er motivet. Her ser vi korleis denne bygda inst i fjordarmen såg ut før Tafjordulykka vaska vekk hus og landskap i 1934. Ungdomshuset låg lenger frå sjøen og vart berga. Det gjer det ekstra sterkt å stå føre teppet i dag.

Sidan 1920 har sceneteppet blitt rulla opp og ned fleire gonger. Åra har sett preg på teppet, det kom hol i det kraftige lerretet, målinga var sliten vekk fleire stader. Det vart gjort fleire forsøk på å berge teppet. I det siste krafttaket lukkast det lokale eldsjeler med Turid Aspehjell i leiinga å skaffe ein halv million til å setje det i stand. Det nykonserverte teppet vart avduka i all si prakt i september.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement