Kunst

På skuldra til Michelangelo

Publisert

Dersom ein stablar alle bøker med Det sixtinske kapellet i Vatikanpalasset oppå kvarandre, dannar dei eit tårn på fleirfaldige meter. Og no har det kome nok eit verk, så prektig at det stiller alle dei andre bøkene i skuggen: Med hjelp av den nyaste teknologien har tak og veggar i det storslegne kapellet blitt grundig fotografert. I samband med prosjektet er det teke over 270.000 bilde. Ut av dette materialet er det komponert tre bind med fotografi som gir ein meir detaljert reproduksjon enn vi nokon gong tidlegare har sett.

Bøkene er eit stykke kunsthandverk i seg sjølv. Dei tre binda på til saman 822 sider er laga for hand, med permar i kvitt kalvelêr som er forsynte med trykk i sølv, gull og platina. Bokverket er heile 61 cm høgt, og fleire av bilda viser motiv i 1:1-storleik.

Av bilda eg ser på nettet er det særleg bilda av takmåleriet til Michelangelo (1477–80) som gjer inntrykk. Med ei takhøgd på 21 meter lèt detaljane seg ikkje fange opp når ein vitjar kapellet. Det er også vanskeleg å sjå opp i eit tak når ein må bøye nakken bakover for å sjå, og samstundes manøvrere mellom alle dei andre tilskodarane.

Møtet med dei nye reproduksjonane kjennest så nært, nærast intimt. Om vi skal tru reklameteksten til det New York–baserte forlaget Callaway Arts and Entertainment skal bokverket gje oss kjensla av å sjå verka som om vi var ein sporv på skuldra til kunstnarane.

Bilda verkar overmåte skarpe. Her ser vi strukturen i kalkveggen, vi får innblikk i den rike variasjonen av penselstrøk, også fargane er nøyaktig reproduserte. Kunne eg fått halde i desse binda og granska bilda, ville det sikkert gitt meg ei rikare oppleving – når eg ein dag får lov til å vitje Roma igjen. Men opplevinga av å eige bokverket vert ikkje mange forunnt. Dette attråverdige objektet er laga i eit opplag på berre 1999 eksemplar. Ifølgje forlaget vil trebindsverket aldri kome i fleire opplag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement