Kunst
Overflater
I Keiser Wilhelms gate, ved torget i Ålesund, ligg ein overraskande stor visningsstad gøymd attom eit heller anonymt inngangsparti. Dette er den særsynte symbiosen mellom Stiftelsen Kjell Holms kunstsamling og Ålesund Kunstforening, KHÅK Kunsthall.
Med heile 700 kvadratmeter utstillingsplass har KHÅK høve til å vise omfattande utstillingar. Til venstre skimtar vi «Gjenskinn». På endeveggen heng ein serie handkolorerte litografi.
Foto: Frank Furseth
For tida viser KHÅK måleri og grafikk av Frank Brunner (f. 1971). Heile 53 måleri og trykk fyller lokala med store flater i sterke, klåre fargar. Brunner er frå Kristiansand og har utdanning frå Statens kunstakademi i Oslo, Ilja Repin Statsakademi i St. Petersburg og Yale University i New Haven i USA. Han har budd og arbeidd mange år i New York, men bur no i Oslo.
Brunner lever godt av kunsten sin. Han har jamleg framsyningar nasjonalt så vel som internasjonalt og sel mange verk, men får sjeldan merksemd i form av kunstmeldingar.
Stearinlys
Fleire av verka har tende stearinlys til motiv, helst i digre format. Tette rader med lys i ulik høgde er linja opp mot ein dam som speglar lysa i eit pulserande vrengebilete. Dette er motiv som kunne vere ladde med innhald, dei stramme formene kunne vise til skyskraparar, medan flammande lys tradisjonelt symboliserer det sårbare livet som brått kan blåsast ut, og som uansett brenn fort ned og forsvinn. Slike tankar er underleg nok vanskelege å spore i arbeida til Brunner. Det er som om han har reinsa ut alt av assosiasjonar og tankespinn som elles ville kunne boble fram hos publikum. Her er stearinlysa rett og slett berre stearinlys.
Globusar
Ein annan gjengangar i utstillinga er globusen. Endåtil er ein heil vegg i lokalet er vigd handkolorerte variantar av hender som held om kulerunde globusar i glødande, sterke fargar. Brunner er ikkje det minste redd for å trå til med kraftig fargebruk. Også her er motivet reinsa for innhald, sjølv om det å halde verda i hendene er eit særs aktuelt bilete på utfordringane kvar og ein av oss så å seie har fått i fanget. Kan hende er motivet for ofte brukt? Dersom du søker på nettet, finn du store mengder motiv som minner mykje om det vi ser på KHÅK.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.