Kunst

Nye blikk på færøyske landskap

Med modernismen vart landskapet mindre viktig elles i Norden, men det heldt stand på Færøyane. For ein liten nasjon som er ein sjølvstyrt del av Danmark, vert landskapsmåleriet framleis like aktuelt og halde i hevd som identitetsmarkør.

Edward Fuglø: «Microstate Explorer», 2009.
Edward Fuglø: «Microstate Explorer», 2009.
Publisert

Denne utstillinga tek føre seg færøysk kunst som tematiserer landskapet. Verka spenner vidt i tid, frå 1920 til i dag. Som elles i Norden har natur vore ein av dei viktigaste sjangrane i kunsten, kopla til identitet og nasjonsbygging.

I og med at landskapet er eit så omfattande og viktig tema i færøysk kunst, må utstillinga Landskabet i forandring sjåast i samanheng med den faste samlinga i same bygg. Her har ein hovuddel av verka naturen som motiv, og vi ser korleis ei rekke kunstnarar vidarefører det tradisjonelle landskapsmåleriet med vekt på fargeklangar og stemning, gjerne som målerisk utforsking av abstrakte komposisjonar. Derfor er få av verka i den faste samlinga representerte i Landskabet i forandring. I stader vert visse sider løfta fram, og vi får eit friskt og uventa blikk på sjangeren. Ikkje minst dei nyare verka gjer utstillinga til ei spennande reise.

Kulturlandskapet

Landskabet i forandring er delt inn i avdelingar med oversiktelege tekstar om deltema og små presentasjonar av kunstnarane. Eg likar godt tekstane om kunstnarane, små munnfullar av informasjon som er med på å opne verka for publikum, og som ymtar om kva tydingar som kan leggast i dei. Den einaste innvendinga er at nokre av tekstane prøver å leie publikum for stramt i visse retningar. Det ville vere synd, for desse verka lever og pulserer så sanneleg fint på eiga hand.

Den første delen av utstillinga viser romantiske, idealiserte skildringar av landskapet og kvardagslivet. Nokre av dei første verka vi møter, er linosnitta til Elinborg Lützen. Eitt snitt viser kvinner på veg for å mjølke kyrne. Verket er frå 1979, men viser kvinner i eldre, tradisjonelle klede. Dei trakkar nedover dei bratte bøane i sid stakk og med spann på ryggen. Store skaut løyner ansikta. Vi ser skapningane i silhuett mot ein himmel dekt med urolege skyer.

Det er ei mystisk, nærast trolsk stemning i dette vesle grafiske trykket. Her har kunstnaren fått fram varierte mønster i overflata ved bruk av ei mengd ulike skjerestilar. Teknikken er med på å auke dramatikken og halde på interessa vår. Her smeltar natur og menneske saman i ei felles sinnsstemning.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement