Kunst
Nest best i verda
Foto: Anders S. Solberg / Hannah Ryggen/BONO 2019
Det anerkjende nettmagasinet Hyperallergic hadde før årsslutt ei kåring av dei beste utstillingane i verda i 2018. Her kom Hannah Ryggen: Woven Histories på andreplass.
Utstillinga vart vist på det velsette museet Modern Art Oxford og har også hausta gode kritikkar i britiske aviser – som jamt over elles har bitande pennar. Kritikaren Skye Sherwin i Guardian framhevar måten Ryggen kjempar for rettferd i verda på gjennom humor og brodd.
Hannah Ryggen (1894–1970) budde på ein liten gard på Ørlandet i Trøndelag. Det er fascinerande korleis ho møter det samfunnsaktuelle, det som hender her og nå, med ein så omstendeleg teknikk som ein bildevev. Ho evnar å fanga dette flyktige og flette saman motsvar tråd for tråd til digre og monumentale verk. Det er særleg imponerande kor tidleg ho reagerer krast mot framveksten av fascismen, og ho held fram med modige protestar gjennom 40-talet. Her er brutaliteten vist fram og latterleggjort, og dei som våga å stå imot, vert løfta fram i mjuke og varme skildringar. Verka viser kor sterk og viktig kunsten kan vere. Ryggen brukar alt av kunstnarlege verkemiddel til å fremje bodskapen. Verka har store estetiske kvalitetar, den treffsikre formsansen hennar faldar seg ut i ein fargerikdom som kling i tonar som ho sjølv har utvikla.
Ryggen går aldri på kompromiss, verka hennar er gode å gå til når ein treng å finjustere sitt eige moralske kompass. Det treng vi vel alle i desse dagar. Fascismen er på frammarsj, vi vert forsøkt påverka frå svært mange hald.
Det er nok ikkje utan grunn at kunsten til Ryggen har fått ein internasjonal renessanse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.